Utløpt

Stillingsannonse, Nestleiar i Rufo AS

Arbeidsgiver
Rufo AS
Stillingstittel
Nestleder
Frist
05.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Med auka etterspurnad og satsing mot nye marknader, søker vi ein driftig og engasjert nestleiar i 100% stilling. Vedkommande skal primært avlaste mange av dei administrative oppgåvene som dagleg leiar har i dag, med hovudfokus på økonomi og oppgåver knytt til salg og aktuelle prosjekt. Stillinga vil medføre personalansvar og rapportering skjer til dagleg leiar. Rufo er ein del av eit konsern, så stillinga vil òg omfatte liknande oppgåver i mor- og søsterselskap.


Sentrale arbeidsoppgåver:
Administrasjonsleiar
Personal- og resultatansvar
Salsarbeid mot nye marknader
Forhandlingsansvarleg overfor leverandørar
Etablere og vidareføre relevant nettverk

Ønska kompetanse:
Solid økonomiforståing
Relevant erfaring med personalansvar
Erfaring frå administrasjon, sal og prosjektleiing
Evne til å gjennomføre endringar og utbetringar
Gjerne ha erfaring frå fleire ulike bransjar
God framstillingsevne munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk
Må kunne handtere ulike datasystem

Personlege egenskapar:
Resultatorientert og god til å bygge tillitsbaserte relasjonar
Utadvendt med gode sosiale antenner
Pådrivar med stort engasjement
Bekvem i rolla som leiar
Forretningsorientert og kommersiell tilnærmingsmåte
Høg arbeidskapasitet og god til å prioritere

Vi tilbyr:
Eit trivelig arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
Konkurransedyktige betingelsar
Solid fagleg miljø og gode kollegaar
Ei sentral rolle i den vidare utviklinga av selskapet
For den rette til stillinga kan det verte aktuelt å kunne overta som dagleg leiar på sikt

Har du pågangsmot, engasjement og entusiasme for vår bransje, så kan du sende oss ein søknad. Legg ved CV og minimum tre referanser.

For ytterligare informasjon, ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Knut Steinnes. 
Alle henvendelsar behandlast konfidensielt. Søknadar behandlast fortløpande.


Om arbeidsgiveren

Rufo AS er Noregs leiande firma innan skreddarsydde transportkasser til profesjonelle aktørar. Vi skal være fremst på innovasjon med kundens behov i fokus. Rufo har jobba med digitalisering og effektiv produksjon sidan 2013, med stort fokus på Lean (A-Å), og er første aktør i bransjen som tek i bruk robotar i produksjonen. Vår historie går tilbake til 1983, og vi har eit kreativt og svært engasjert mannskap med 18 tilsette. I 2018 omsette Rufo for 24 millionar kroner.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Torvmyrane 13, 6160 Hovdebygda
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Steinnes
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
Vis telefonnummer

Torvmyrane 13, 6160 Hovdebygda

Annonseinformasjon

FINN-kode 139951238
Sist endret 23. mar. 2019 13:40

Rapporter annonse