Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
HMR Husnes AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
14.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Vi opplever auka ordremengd og ser etter ein dyktig dagleg leiar.    Vår nye dagleg leiar vil få det overordna ansvar for produksjonen i HMR Husnes AS. Verksemda er organisert med produksjonseining og teknisk eining. I samband med gjennomføring av prosjekt organiserast desse med eigen prosjektleiing og prosjektansvarleg. Verksemda har eiga leiargruppe, men du vil som dagleg leiar også inngå i HMR-konsernet si felles leiargruppe. HMR Husnes AS står framføre ei spanande utvikling i ein veksande og utfordrande marknad.   Ansvarsoppgåver:
  • Forestå den daglege drifta  
  • Økonomisk styring og rapportering
  • Personalansvar
  • Medverka til at strategiske mål blir nådd  
  • Vidareutvikla verksemda organisatorisk og teknologisk     
  • Marknads- og kundeoppfølging
 Kvalifikasjonar:  
  • Leiarerfaring, samt oppnådd gode resultat  
  • Erfaring med endrings- og strategiarbeid  
  • Teknisk bakgrunn / ingeniør med god erfaring frå tilsvarande verksemd  
  • Kompetanse / interesse innan økonomi / rapportering
  • Interesse / erfaring frå marknadsarbeid  
  • Forretningsorientert
  Me vil vektleggja at du har brei leiarerfaring, kan dokumentere gode resultat og at du har god teknisk kompetanse. Vår nye daglege leiar vil få ein sentral og fri rolle til å kunne påverka utviklinga av verksemda.   Me tilbyr ei verksemd som er godt etablert i bransjen og har eit godt omdøme. Konsernet har solid økonomi. Godt arbeidsmiljø i ein effektiv organisasjon. Konkurransedyktig løn etter avtale / kvalifikasjonar.   Arbeidsstad: Husnes   Interessert?  For meir informasjon kontakt konsernsjef Anders Seim jr., tlf. 908 43 192 eller våre rekrutteringsrådgjevarar hjå Headvisor; Janne Siri Horne tlf. 907 21 164 eller Bjørn Horne, tlf. 911 61 390. Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 17.02.2019. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtalt.  

Om arbeidsgiveren

HMR Husnes AS er ein totalleverandør av prosjekterings- og utføringstenester til industrien. Våre kjerneområde er innan prosessindustri, vasskraft og olje og gassnæringa. HMR Husnes er eit selskap i HMR Group, og har 60 års stolt historie som leverandør til inn- og utland. I 2017 hadde HMR-konsernet ein omsetnad på om lag 420 mill. kroner. For meir informasjon sjå: www.hmr.no.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
PRESTNESVEGEN 70, 5450 Sunde i Sunnhordland
Bransje
Industri og produksjon,
Kraft og energi,
Olje og gass
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

Strategisk, Ledelse, Økonomistyring, Forretningsorientert, Personalansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Følg firma
2316 følger dette firmaet

PRESTNESVEGEN 70, 5450 Sunde i Sunnhordland

Annonseinformasjon

FINN-kode 138807672
Sist endret 16. feb. 2019 00:18

Rapporter annonse