Utløpt

Ønskjer du å utvikle og leie drifta av kaféutsala ved Haukeland universitetssjukehus?

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Hospitaldrift Matforsyning
Stillingstittel
seksjonsleiar kafedrift
Frist
10.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Mellom anna leverer Hospitaldrift pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester, sentralbordtenester og interndistribusjon av post.

Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Matforsyning er ei av dei. Eininga har ca. 110 tilsette fordelt på 80 årsverk, og forvaltar årleg ca.110 mill. kroner. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggjande kommunar.

Haukeland Universitetssjukehus har 2 kafé utsal som daglig betener nærare 2.000 gjester og eit kaldtkjøkken som produserer det meste av møtematen.
Nylig blei ei av kafeane; Café3 opna etter ein omfattande ombygging og oppgradering. Kafeen har fått ein flott atmosfære og alle muligheiter for å skape eit hyggeleg spisemiljø ligg godt til rette.

Vi har nå ledig ei spennande stilling som seksjonsleiar og søkjer ein engasjert og fagleg dyktig leiar som vil ha ansvar for den daglege drifta og utvikling av kafeane og kaldtkjøkkenet.

Som seksjonsleiar vil du få ansvar for 17 årsverk, vere del av leiargruppen i Hospitaldrift matforsyning. Her vil du som leiar ha gode moglegheiter for å utvikle deg sjølv, dine medarbeidarar og heile kafé konseptet. Stillinga rapporterer til leiar for Hospitaldrift matforsyning.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein pådrivar til å utvikle konseptet og sikre at forventningane til våre gjester blir innfridd
  • Skape og gjennomføre aktivitetar og kampanjar
  • Overvake bransjens utvikling og trendar
  • Budsjett- og personalansvar for eigen seksjon
  • Rekruttering og sikre opplæring, motivasjon og utvikling av medarbeidarane
  • Sikre at Helse Bergen sine verdiar, mål og strategiar blir etterlevd

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring med personal- og økonomiansvar
  • Kunnskap om menyplanlegging og kalkulasjon
  • Erfaring som leiar frå HORECA bransjen
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå arbeid i større organisasjonar er ein fordel
  • Relevant fagbrev og høgare utdanning er ønskjeleg. Lang relevant arbeidserfaring og dokumenterte gode resultat kan kompensere for manglande utdanning

Utdanning

  • Fagskule/fagbrev
  • Hotell- og restaurantfag
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Kjøkken-/kantinefag

Eigenskapar

  • Kvalitetsbevist og stiller høge krav til serviceleveranse
  • Resultat- og løysningsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål
  • Inkluderande og samhandlande leiarstil
  • Faglig interesse og engasjement med god evne til å vurdere faglige utfordringar
  • Kreativ og med sterk drivkraft for å kunne utvikle produkt, konsept og organisering
  • Trivast med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt M. Skaalevik Lerøy
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 49 01
95 10 26 48
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 138364959
Sist endret 18. jan. 2019 15:53

Rapporter annonse