Utløpt

Vil du vera med og skapa framtidas skule ?

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
18.01.2019
Ansettelsesform
Fast

Vi søker no ein dyktig leiar som ønsker å vera med på den vidare utviklinga av Orre skule. Kommunen og skulen er ein del av Jærskulen. Dette gir oss god fagleg utvikling og eit solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren.

Skuleåret 2018-2019 er det rundt 220 elevar og 27 tilsette på skulen. Satsingar dette skuleåret er trygt og godt skulemiljø, fagfornyinga og kritisk tenking. Læringsbrett er og sentralt.
Alle elevar og tilsette har læringsbrett. Frå skuleåret 2021/2022 vil ungdomsskulen vera ein del av nye Vardheia ungdomsskule.

Kvalifikasjonar
Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
Du har erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Arbeidsoppgåver
Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane
Leia og motivera tilsette i profesjonelle lærande fellesskap
Driva skuleutvikling
Skapa godt samspill med elevar, foreldre og nærmiljø
Driva økonomistyring og resultatkontroll

Eigenskapar
Di haldning er «Alle elevar er våre»
Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne 
Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
Du er god til å kommunisera
Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
Du er fleksibel og har godt humør

Vi tilbyr
Spanande og utfordrande jobb
Lønn etter avtale
Rettleiing for nye rektorar
Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen


Tilsetjingspunkt etter avtale
Søknadsfrist 18. januar

 

Om arbeidsgiveren

Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger (25 min. med bil)og Sola flyplass ligg kun få km. nord for kommunegrensa. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Jordbruk, industri, privat og offentlig tenesteyting er hovudnæringane i kommunen, som har rundt
19 000 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons- og kulturliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Roslandsvegen 4343, 4352 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor, Lærar, Leiar, Skule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Harald Forsmo
Stillingstittel
skulesjef
Telefon
46 94 42 73
Følg firma
244 følger dette firmaet

Roslandsvegen 4343, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 136401195
Sist endret 19. des. 2018 14:59

Rapporter annonse