Tips en venn Del på Facebook Del på Twitter

Vi søker Avdelingsleiar for rør hos Brødrene Aa AS

Arbeidsgiver
Brødrene Aa AS
Stillingstittel
Avdelingsleiar rør
Sted
Hyen
Frist
07.01.2019
Varighet
Fast
Til å vere med på vår utvikling vidare ser vi etter leiar for vår avdeling for rør i Hyen. Avdelinga består i dag av fire tilsette, i tillegg til innleigd personell. Vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på tverrfagleg samarbeid og utvikling. Til vårt team treng vi deg som likar ei utfordring, er opptatt av fagleg utvikling med eit framtidsretta blikk.
 
Oppgåver for avdelingsleiar
- Planlegge arbeidet på avdelinga og sørge for gjennomføring av tildelte aktivitetar
  (kvalitet/tidsfrist/timeforbruk/tilrettelegge for arbeid – materialer og bemanning)
- Sikre at arbeid blir utført i samsvar med etablerte selskapskrav  
  (HMS/Produksjonsprosedyrer)
- Sikre prosjektleveransane (kvalitet/tidsforbruk)
- Resultat- og budsjettansvar
- Personalansvar for medarbeidarar tilknytta avdelinga
- Forbedring og effektivisering, utarbeiding og oppdatering av rutinar
- Andre oppgåver som er relevant for fagområdet
 
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå tilsvarende virksomhet/maritim bransje.
- Leiarerfaring
- Evne til å samarbeide godt og kommunisere presist både mot produksjon og kunde i en
  hektisk kvardag er sentralt
- Ha evne til å sette seg inn i Lover, forskrifter og standarder
- Relevant utdanning, minimum teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
 
Norsk skriftleg og munnleg - flytande
Engelsk skriftleg og munnleg - god
 
Personlege eigenskapar
- Sjølvgåande, initiativrik og vilje til å ta tak i oppgåver raskt
- Systematisk
- Gode formidlingsevner
- Stor gjennomføringsevne
- Løysingsorientert

Om arbeidsgiveren

Brødrene Aa AS er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.
Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad, og utvidar ved å etablere verft i Eikefjord og Kina.
Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Nettverk
Facebook
Tiltredelse
01.04.2019
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Hyevegen 1763,
6829 Hyen
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Produksjon,
Ledelse,
Håndverker / Rørlegger

Rapportér annonse

FINN-kode
135492049
Sist endret
5. des 2018 07:54

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arnulv Aa
Stillingstittel
Produksjonssjef
Kontaktperson
Synne Oppheim
Stillingstittel
HR/HSEQ Manager
Telefon
913 44 720

Søk på stillingen

Frist
07.01.2019
Følg firma
3 følger dette firmaet

Hyevegen 1763, 6829 Hyen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
135492049
Sist endret
5. des 2018 07:54