Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Inaktiv

Rådmann

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Rådmann
Sted
Vaksdal
Frist
10.12.2018
Varighet
Fast
Bli kjent med Mercuri Urval AS

Me søkjer ein relasjonssterk, drivande og synleg rådmann som i godt samspel med politikarar, tilsette og lokalt næringsliv skal arbeide for å sikre vidare utvikling og gode tenester til innbyggarane våre.
Den nye rådmannen vår er ein engasjert og inkluderande leiar som blir motivert av å skape resultat og få til gode løysingar. Me ønskjer oss ein rådmann som kan leia og utvikla ein effektiv, tverrfagleg og kompetent organisasjon.  Vår nye leiar må vidareutvikla organisasjonen basert på ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk med fokus på trepartssamarbeid og ein god felles kultur. 

Den nye rådmannen må ha god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Me ønskjer søkjarar med høgare utdanning, solid leiarerfaring/dokumenterte gode leiareigenskapar og kjennskap til forvaltingsarbeid. Erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt, men anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar kan også vere eigna bakgrunn. Vidare ønskjer vi kandidatar som kan visa handlekraft i gjennomføring av politiske vedtak, har god kunnskap om økonomistyring og som er opptatt av god tenesteyting. Gode kandidatar har gode evner til kommunikasjon, relasjonsbygging og samarbeid.

Me tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og engasjerte innbyggjarar. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Eirik Haga tlf. 930 41 036  Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Søknadsfrist 10.12.2018.

Alle førespurnadar til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.

 

Om arbeidsgiveren

Vaksdal kommune har litt over 4000 innbyggarar og ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Kommunen har ein stolt industritradisjon med blant andre merkevaren Dale of Norway, anlegg for Felleskjøpet Agri og Norgesmøllen. E16 og Vossabanen går gjennom kommunen og modernisering av desse er under planlegging. Tre stasjonar gjev gode vilkår for inn og ut pendling, og kort avstand til både Bergen og Voss. Vaksdal er vertskommune for kraftproduksjon. Kommunen har eit variert organisasjonsliv og fjord og fjell gir gode mogelegheiter for friluftsliv og rekreasjon.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
KONSUL JEBSENSGATE 16,
5722 Dalekvam
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Rapportér annonse

FINN-kode
134509210
Sist endret
12. des 2018 00:15

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
975 59 057
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Stillingstittel
Direktør
Telefon
975 59 036
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1506 følger dette firmaet

KONSUL JEBSENSGATE 16, 5722 Dalekvam

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
134509210
Sist endret
12. des 2018 00:15