Utløpt

Avsnittsleiar - Vest politidistrikt - Felles enhet for påtale - Seksjon for sak- og dokumenthåndtering

Arbeidsgiver
Politiet
Stillingstittel
Avsnittsleiar - Vest politidistrikt - Felles enhet for påtale - Seksjon for sak- og dokumenthåndtering
Frist
28.11.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiet
I Vest politidistrikt, for tida Felles enhet for påtale, seksjon for sak- og dokumenthåndtering, er det ledig 2 faste stillingar som avdelingsleiar SKO 1407 med funksjon som avsnittsleiar. Ein av stillingane er stadsplassert i Bergen og ein i Florø. Ber deg opplyse i søknaden om du søkjer stilling Bergen, Florø eller begge.

Seksjon for sak- og dokumenthåndtering er organisert med 4 avsnitt; avsnitt for koordinering, avsnitt for stevne og beramming, avsnitt for fullbyrdelse og avsnitt sak- og dokumenthåndtering i Florø, og har til saman 42 stillingar. Det må påreknast noko reiseverksemd.

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Resultat- og personalansvar på eige avsnitt
  • Overorda fagansvar på avsnittet
  • Ansvar for organisering og dagleg oppfølgjing av arbeidsoppgåver ved avsnittet
  • Medansvar for å utvikle og utforme seksjonen sine rutiner og arbeidsprosessar innan fagfeltet
  • Ansvar for helse-, miljø og sikkerhet ved avsnittet
  • Medansvar for kompetansebyggjing ved avsnittet
  • Medansvar for utvikling/opplæring/planleggjing og rekruttering ved avsnittet
  • Sakshandsaming i avsnittet sin portefølje
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule på minimum bachelornivå
  • I særskilte høve kan lang og relevant arbeidserfaring erstatte kravet til utdanning
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • God munnleg og skriftleg fremføring
  • God IT- og systemkompetanse
  • Erfaring frå arbeid innan straffesakshandsaming blir vektlagt
  • Erfaring frå arbeid med sjukefråversoppfølgjing er ein fordel
  • Erfaring og/eller kunnskap om HMS-arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til politiet sine datasystem er ein fordel

Utdanning

  • høgskule / universitet

Eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Setje retning, drive endring og bidra til god utvikling på avsnittet
  • Mål- og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og vere ein god relasjonsbyggar
  • Ha evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling med andre faggruppar internt og eksternt
  • Ha evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder

Vi tilbyr

  • Stillinga blir lønna som avdelingsleiar SKO 1407 frå ltr. 65/kr.576.100 til ltr. 72/kr.658.300 per år, avhengig av erfaring og kompetanse
  • Vest politidistrikt er ei IA- verksemd
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.



Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
Allehelgens gate 6, 5804 Bergen
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Ledelse,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

Ledelse, Avsnittsleder, Politi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Olsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 55 62 03
Kontaktperson
Spørsmål om elektronisk CV/søknad
Stillingstittel
Seksjon for HR
Telefon
55 55 63 00
Følg firma
3819 følger dette firmaet

Allehelgens gate 6, 5804 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 133902357
Sist endret 13. nov. 2018 10:34

Rapporter annonse