Administrasjonssjef

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Administrasjonssjef
Sted
Bykle
Frist
04.12.2018
Varighet
Fast
Bykle kommune er på jakt etter ein strategisk, handlekraftig og omgjengeleg administrasjonssjef som kan leie, vidareutvikle og tilpasse kommunen sine tenester. Som administrasjonssjef vil du leie ein godt organisert og kompetent organisasjon og ha tett kontakt med politisk leiing, tilsette, tillitsvalde og kommunen sine innbyggjarar. Fokus på effektiv drift, kvalitet og økonomi er nøkkelord for denne toppleiarstillinga.  
 
Sentrale arbeidsoppgåver:  
  • Leie og utvikle den kommunale verksemda     
  • Økonomistyring og rapportering     
  • Sakshandsaming og oppfølging av politiske vedtak     
  • Profilere og representere kommunen     
  • Digitalisere verksemda      
  • Interkommunalt og regionalt samarbeid     
  • Samfunns- og næringsutvikling     
Ynskja kvalifikasjonar:  
  • Høgare utdanning innan relevante fagfelt     
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring     
  • Grunnleggjande økonomiforståing     
  • Erfaring som leiar frå kommunal/offentleg verksemd     
Vi ser etter deg som:  
  • Er sosial og omgjengeleg     
  • Er handlekraftig og har god evne til gjennomføring     
  • Involverer og kommuniserer godt     
  • Evnar å vere tydeleg     
  • Er god på å byggja relasjonar og har godt humør     
Vi kan mellom anna tilby:  
  • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå     
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver     
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar     
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP     
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement     
  • Hjelp til å skaffe bustad     
Ved spørsmål kontakt gjerne Ordførar Jon Rolf Næss, tlf. 92834567, eller ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Jan Tveit (97539990) eller Janne Siri Horne (90721164).  
 
Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader handsamast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. I medhald til offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verte oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.  
 
Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 4. desember.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune ligg øvst i Setesdal i Aust-Agder fylke. Det er to bygdesenter i kommunen, Bykle kyrkjebygd der kommuneadministrasjonen ligg, og turiststaden Hovden. God kommuneøkonomi har gjort det mogeleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosial, barn - og ungdom, kultur- og fritid. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden. Her kan ein oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom. Kommunen har ca. 940 innbyggjarar. For meir informasjon, sjå www.bykle.kommune.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Prosjektledelse
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Administrasjonssjef, Ledelse, Økonomistyring, Samfunnsutvikling, Næringsutvikling

Rapportér annonse

FINN-kode: 133521655

Sist endret: 8. nov 2018 09:02

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tveit
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
975 39 990
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
907 21 164

Søk på stillingen

Frist
04.12.2018
Følg firma
523 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Rapportér annonse

FINN-kode: 133521655

Sist endret: 8. nov 2018 09:02