Utløpt

Kommunalsjef for barnehage og utdanning

Arbeidsgiver
Vågå kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef for barnehage og utdanning
Frist
19.11.2018
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og synleg leiar som er oppteken av innovasjon og nytenking i offentleg sektor  og med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk. Som kommunalsjef vil du ha fokus på leiing, økonomistyring, teneste-/omdømebygging og tenesteutvikling. Du må kunne syne til gode resultat som leiar innan offentleg og/eller privat verksemd. Vidare vil vi legge vekt på at du har erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid, god forståing for samhandling/rolledeling mellom politisk og administrativ leiing og god innsikt i kommunal forvaltning og økonomi.  

Prioriterte oppgåver:

  • Utvikle Vågå kommune som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon.
  • Leiing, tenesteutvikling og samordning av ditt område
  • Ansvar for å gjennomføre/setje i verk politiske vedtak.
  • Initiera og vere pådrivar for tenesteutvikling, samordning og samhandling på tvers i organisasjon.
  • Etablere gode relasjonar mot ulike eksterne samarbeidspartar.

Vi ønskjer at vår nye kommunalsjef skal ha ein motiverande, samlande og inkluderande leiarstil. Gode kommunikasjonsevner og evner til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vil og bli vektlagt. Søkjar må ha utdanning på høgskule-/universitetsnivå eller tilsvarande samt relevant fagkompetanse. Personlege eigenskapar vil bli gjeve stor vekt.

Vi kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling i ein kommune med visjonar for framtida.

Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.

Dersom du ønskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du kontakte rådmann Jan Egil Fossmo på telefon 90 13 23 35.

Søknad skal sendast som elektronisk søknad innan 12.11.18.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren

Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Offentlig
Sted
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

kommunalsjef, kommunal, barnehage, utdanning, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Egil Fossmo
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Annonseinformasjon

FINN-kode 132450542
Sist endret 6. des. 2018 12:04

Rapporter annonse