Utløpt

Kommunalsjef - Kultur og oppvekst

Arbeidsgiver
Sula kommune
Frist
09.11.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Yapril AS
Då noverande kommunalsjef for kultur og oppvekst går av med pensjon, søkjer vi no etter hennar etterfølgjar. Kommunalsjefen er ein del av rådmannen si leiargruppe og utøver strategisk leiing innanfor områda barnehage, grunnskule, vaksenopplæring, tiltakseining for barn og unge samt kultur. Vi søkjer no ein synleg, tydeleg og handlingsorientert leiar som fremjar utvikling, motivasjon, engasjement og god samhandling for 11 einingsleiarar innanfor kultur- og oppvekstområdet.    Hovudoppgåver: 
  • Kommunalsjefen er delegert rådmannen sine fullmakter innanfor sitt kommunalområde 
  • Kommunalsjefen har sjølvstendig utviklings-, resultat-, personal- og økonomiansvar 
  • Planlegge, styre og gjennomføre utviklings- og omstillingsprosesser 
  • Halde kommunen sitt verdigrunnlag levande, og bidra til eit godt omdøme  
  • Oppfølging av politisk utval for sitt kommunalområde 
  Kvalifikasjonar: 
  • Høgare utdanning på høgskule eller universitetsnivå 
  • Brei erfaring frå kommunal eller anna relevant verksemd 
  • God kjennskap til kommunalområdet og offentleg forvalting 
  • Resultatorientert og solid økonomisk forståing 
  • Erfaring frå utvikling- og gjennomføringsleiing 
Som ei lita kommune må vi alle jobbe smartare, meir kostnadseffektivt og dra lasset i lag gjennom god toppleiing.   Vår nye kommunalsjef skal vere ein motiverande og serviceorientert leiar, med stor arbeidskapasitet.    Sula kommune kan tilby ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar og godt arbeidsmiljø, midt i Langevåg sentrum. Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsavtalar, konkurransedyktig løn, og har ordningar for ein fleksibel, mobil og digital arbeidskvardag.       I henhold til offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentliggjort sjølv om søkjaren har anmodet om å ikkje bli oppført på søkerlista. Dersom ønsket ikkje etterkommes, vil søkjeren bli varsla om dette. 

Om arbeidsgiveren

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9200 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.


 For meir informasjon om Sula kommune sjå https://www.sula.kommune.no/

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Ideelle organisasjoner,
Idrett og trening,
Kunst og kultur,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

kommune, offentlig, kultur, skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marius Halvorsen
Stillingstittel
Management Consultant
Telefon
92 29 57 86
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
437 følger dette firmaet

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 131993631
Sist endret 10. nov. 2018 01:40

Rapporter annonse