Utløpt

Leiar Barneverntenesta

Arbeidsgiver
Voss kommune - bygd for sterke opplevingar
Stillingstittel
Leiar
Frist
15.11.2018
Ansettelsesform
Fast

 Det er ledig 100 % fast stilling som leiar ved Barneverntenesta i Voss kommune frå 1.januar 2019.

 

Om arbeidsstaden
Voss barnevernteneste har 12,3 årsverk (12 sakshandsamarar, 1 kontormedarbeidar, 1 leiar)

Voss barnevernteneste samarbeidar med Forandringsfabrikken og Barnevernsproffene og er ein "Mitt Liv" kommune.

Dei tilsette ved Voss barnevernteneste har høg fagleg kompetanse, og arbeider etter metoden "Signs of Safety". Signsof Safety er ein arbeidsmetode basert på den løysingsfokuserte
terapitradisjonen. Ein metode der hovudføremålet er til ei kvar tid å skape tryggleik for barnet, gjennom å heile tida ha barnet i sentrum for dei vurderingane vi gjer.

Frå 2020 går vi saman med Granvin inn i nye Voss herad. 

Barnevernstenesta, PPT og helsestasjon- og skulehelsetenesta blir kontinuerleg arbeidd for å betre i høve samorganisering og samarbeid. Planen er at desse støttetenestene skal samlokaliserast frå 2021.

Det er eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte. Vi kan love ei spanande og utfordrande stilling som gjev rom for fagleg og personleg utvikling.

 

Arbeidsoppgåver
Ansvar og mynde:

- Dagleg fagleg og administrativt ansvar for Voss barnevernteneste

- Budsjettstyring og rapportering

- Leie og utvikle barneverntenesta i samsvar med gjeldande lovverk, kommunale vedtak og målsetjingar

- Aktivt ansvar for å oppretthalde- og utvikle ein effektiv organisasjon med eit godt fag- og arbeidsmiljø

- Medverke til å utvikle dialog og godt samarbeid internt og eksternt

- Barnevernsleiar vil også ha ei viktig rolle i arbeidet med organisasjonsutvikling ut over barnevernstenesta sitt arbeidsfelt, kunne bidra i tverrfagleg samarbeid for barn og unge i Voss kommune

 

Kvalifikasjonar

- Du må ha minimum 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå, høvesvis sosionom eller barnevernspedagog

- Anna høgskuleutdanning kan vurderast berre dersom du har lengre arbeidserfaring frå kommunalt barnevern

- Dokumentert erfaring som leiar med personalansvar

- Erfaring frå arbeid i kommunalt barnevern vert vektlagt 

- Det vil vera ei føremon dersom du har erfaring frå utviklingsretta arbeid

- Erfaring frå forvalting av økonomi og administrative oppgåver

- Det er ynskjeleg at du har rettleiingskompetanse

- Du må ha førarkort klasse B

 

Godkjend politiattest må leggjast fram før du byrjar i stillinga.

Hugs å gje opp referansar.

 

Me tilbyr

- Gode vilkår for fagleg utvikling

- Eit godt fagleg og sosialt miljø

- Gode forsikrings- og pensjonsordningar

- Løn etter avtale

- Stillingskode 9451

 

Søknad

Søknad på https://www.voss.kommune.no/ledig-stilling/

Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse.
Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 14 500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust-vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
UTTRÅGATA 9, 5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Roger Stien
Stillingstittel
leiar støttetenestene
Telefon
90 18 46 80
Kontaktperson
Oddmund Berge
Stillingstittel
konst. leiar
Telefon
99 21 92 78
Følg firma
170 følger dette firmaet

UTTRÅGATA 9, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 131740108
Sist endret 17. nov. 2018 00:16

Rapporter annonse