Utløpt

Direktør for Helsedirektoratet

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)
Stillingstittel
Direktør for Helsedirektoratet
Frist
05.11.2018
Ansettelsesform
Fast


Helsedirektøren har ansvar for å leie og utvikle organisasjonen både fagleg og administrativt. Direktøren representerer Helsedirektoratet overfor ei rekkje samarbeidspartnarar i offentleg forvalting og i forskings- og fagmiljø.

Vi søkjer ein direktør som:

  • er strategisk orientert
  • har fagleg autoritet
  • har god rolleforståing og høg personleg integritet
  • er resultat- og utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evner å byggje gode samarbeidsrelasjonar med andre styremakter, sektoren og brukarorganisasjonar


Vi søkjer ein direktør med desse kvalifikasjonane:

  • medisinsk embetseksamen eller anna høgare utdanning
  • erfaring som toppleiar frå større verksemder
  • brei samfunnsforståing og innsikt i politiske prosessar
  • god kjennskap til helse- og omsorgssektoren og utfordringane på området
  • erfaring frå beredskapsarbeid og krisehandtering
  • erfaring med mediekontakt og formidlingsarbeid


Den som vert tilsett, må vere norsk statsborgar og kunne verte tryggingsklarert for strengt hemmeleg.

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • ei fagleg spennande verksemd med engasjerte og dyktige kollegaer
  • fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar


Tilsetjing skjer i eit åremål på seks år, med høve til éin ny åremålsperiode.

Interesserte kan før søknadsfristen ta konfidensiell kontakt med Geir Fottland i ISCO Group, tlf. 22 06 87 00 eller fottland@iscogroup.no. Meir informasjon får du òg ved ekspedisjonssjef Espen Aasen i Helse- og omsorgsdepartementet på tlf. 913 53 290.

Søknad med CV må registrerast så snart som råd, og seinast innan 5. november 2018 på iscogroup.no.

Etter at søknadsfristen er ute, vert det utarbeidt ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har ønske om unnatak frå offentleggjering, må du grunngje dette og leggje ved søknaden. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista. I så fall vert søkjaren varsla før offentleggjering.

Om arbeidsgiveren

Helsedirektoratet er eit fag- og styringsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Direktoratet har ca. 590 tilsette i Oslo og Trondheim. Helsedirektoratet skal vere med på å styrkje folkehelsa og utvikle gode helsetenester gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltingsnivå. Det tyder mellom anna at verksemda skal vere ein fagleg rådgjevar, setje i verk vedteken politikk, og forvalte lov og regelverk innanfor helsesektoren. Attåt dette har Helsedirektoratet eit heilskapleg ansvar for den nasjonale helseberedskapen. Les meir på helsedirektoratet.no.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
0485 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Fottland
Stillingstittel
ISCO Group AS
Telefon
22 06 87 00
Kontaktperson
Espen Aasen
Stillingstittel
Helse- og omsorgsdepartementet
Telefon
91 35 32 90
Følg firma
594 følger dette firmaet

0485 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 131348013
Sist endret 11. okt. 2018 11:42

Rapporter annonse