Assisterande fagdirektør
- Arbeidsgiver
- Helse Vest RHF
- Stillingstittel
- Assisterande fagdirektør
- Frist
- 31.10.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Til stillinga er det også lagt strategiske oppgåver regionalt og nasjonalt. Stillinga vil rapportere til Fagdirektøren.
Arbeidsoppgåver
Du skal delta i leiing og utøving av eit bredt spekter av oppgåver som blir utført av Fagavdelinga i Helse Vest, både innanfor rus, psykisk helsevern for barn og vaksne og somatikk. Fagavdelinga er sterkt involvert i viktig utvikling i regionen mellom anna kva gjelder kvalitet, pasientsikkerheit, utvikling av IKT-system, organisering av spesialisthelsetenesta og forbetring av arbeidsprosesser og pasientforløp. Fagavdelinga har også ansvar for forsking. Arbeidet vil både innebere oppgåver knytt til regionale prosjekter og prosessar, og samarbeid med andre regionale helseføretak, statlig forvaltning og universitet/høgskular. Reiseverksemd både i og utanfor regionen vil vere nødvendig.Kvalifikasjonar
Aktuelle kandidatar har medisinsk embetseksamen, gjerne dr. grad og solid klinisk erfaring.Forskingskompetanse er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
God innsikt i speisalisthelsetenesta.
Erfaring med å leie utviklingsarbeid og prosjekt.
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk.
Utdanning
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Medisin
Eigenskapar
Interesse for utvikling, organisering og styring av sjukehus og evne til å sjå heilskapen.Vilje til å bidra til utvikling og nytenking.
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
Vi tilbyr
Stillingsbrøk: 100%Om arbeidsgiveren
Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest i tillegg til Helse Vest IKT AS. Føretaksgruppa har om lag 29 000 medarbeidarar. Spesialisthelsetenesta i regionen omfattar om lag femti sjukehus og institusjonar, og gir helsetenester til i overkant av ein million innbyggjarar. Driftsbudsjettet er på om lag 29 milliardar kroner. Helse Vest RHF har kontor på Forus i Stavanger. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
(Foto: Colorbox)
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Baard-Christian Schem
- Stillingstittel
- Fagdirektør
- Telefon
- 92 66 51 66
- Kontaktperson
- Hilde Brit Christiansen
- Stillingstittel
- Direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi
- Telefon
- 41 53 38 09
Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger