Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
29.10.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS

Vi søkjer ein inkluderande, tydeleg leiar med strategiske evner til å leie ein spanande og utviklingsorientert organisasjon med god tenesteyting. Saman med politisk leiing skal rådmannen vere pådrivar og nettverksbyggjar i arbeidet med næringsutvikling. Du har god rolleforståing og evne til god samhandling med politisk leiing.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle og tilpasse kommunen sine gode tenester i dialog med politisk leiing, innbyggjarane, medarbeidarane og deira organisasjonar
  • Leie og utvikle ein tverrfagleg og kompetent organisasjon
  • Syte for mål- og resultatstyring, gode styringsverktøy og planverk for bærekraftig utvikling
  • Rådmannen skal bidra til å utvikle organisasjonen basert på ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk
  • Vidareutvikle ein felles kultur
  • Marknadsføre og representere kommunen
  • Vidareutvikle og styrke interkommunalt og regionalt samarbeid
  • Vere ein pådrivar og tilretteleggjar for samfunns- og næringsutvikling, samt utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Høgskule-/universitetsutdanning
  • God økonomikompetanse - gjerne også kompetanse på jus
  • Gode leiareigenskapar og relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte, gode resultat
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er med sine 2200 innbyggarar ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet. I Skjåk finn du gode og varierte fritidstilbod til store og små. Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk har fleire lokale matprodusentar. Dette har gjort Skjåk til ei merkevare for kultur, miljø og tradisjon. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.


 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elias Sperstad
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
95 83 59 07
Kontaktperson
Jan Sebjørnsen Storstein
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
95 00 94 44
Følg firma
2867 følger dette firmaet

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Annonseinformasjon

FINN-kode 131236185
Sist endret 10. okt. 2018 11:18

Rapporter annonse