Kommunedirektør/Rådmann
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune
- Stillingstittel
- Kommunedirektør/Rådmann
- Frist
- 23.10.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Leiing - Utvikling - Handlekraft
Vi søker ein handlingsorientert og framtidsretta kommunedirektør som ynskjer å vera aktivt med og forme framtida for innbyggjarane i Kvinnherad kommune. Kommunedirektøren vil gjennom oppfølging og effektuering av politiske bestillingar vera med og vidareutvikle organisasjonen og gjera kommunen endå meir attraktiv for næringsliv og innbyggjarar.
Vår nye kommunedirektør må vera ein engasjert lagspelar som er oppteken av utvikling og resultat. I tillegg må kommunedirektøren vera tillitsskapande, ein sterk relasjonsbyggjar ha gode kommunikasjonsevner.
Vi ønskjer søkjarar med god kjennskap og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt, men anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar kan også vere eigna bakgrunn. Høgare utdanning, solid leiarerfaring/dokumenterte gode leiareigenskapar og kjennskap til forvaltningsarbeid vil og vere viktig. Vidare ønskjer vi kandidatar som kan visa handlekraft i gjennomføring av politiske vedtak, har god kunnskap om økonomistyring og som er oppteken av god tenesteyting.
Vi tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.
Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av ordførar Peder Sjo Slettebø, tlf. 907 40 595, eller Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 / Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036. Søk på stillinga snarast, og seinast 23.10.2018. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke offentleg søkjarliste.
Søknad registreres via Jobbnorge innen 23.10. 2018.
Om arbeidsgiveren
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og eit regionsenter under utvikling. Kommunen har eit breitt næringsliv som blant anna består av turisme, landbruk og industri. Det er også eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Rådgivning,
- Kontor og administrasjon
Nøkkelord
Leiing, Utvikling, Handlekraft
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Gro Reinertsen
- Stillingstittel
- Direktør
- Telefon
- 97 55 90 58
- Nettverk
- Kontaktperson
- Ole Petter Bratterberg
- Stillingstittel
- Direktør
- Telefon
- 97 55 90 36
- Nettverk
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal