Utløpt

Vi ser etter ein avdelingsleiar med eit stort hjarte for ungdomane våre

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
21.10.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim ser vi etter ein avdelingsleiar i fast 100 % stilling. Stillinga er per i dag knytt til avdeling Klatrevegen. Som avdelingsleiar ved Sunnmørsheimen får ein saman med annan avdelingsleiar og einingsleiar anledning til å delta i eit leiarteam som samhandlar tett, utgjer gjensidig støtte, og som saman er oppteken av både personalutvikling og fagutvikling. Ein vert invitert inn i eit fagmiljø der det er rom for å utvikle seg sjølv og bedt om å bidra til å utvikle arbeidet ved institusjonen vidare.


Arbeidsoppgåver / ansvarsområde

Avdelingsleiar har saman med einingsleiar og avdelingsleiar for anna avdeling ansvar for at ungdomane ved Sunnnmørsheimen får eit trygt og godt tilbod ved institusjonen, som legg til rette for utvikling. Dette ansvaret utøver ein primært gjennom å utøve god og trygg rettleiing for personalet, med utgangspunkt i institusjonen si faglege plattform og institusjonen sine verdiar.

Saman med særkontakter og fagansvarlige skal ein sørgje for at avdelinga driv målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innafor Sunnmørsheimen sine faglege rammer og metodar. Klinisk arbeid med ungdom er ein naturleg del av arbeidet, og avdelingsleiar må kunne gjennomføre samtalar med ungdom i målgruppa på ein trygg og ivaretakande måte.

På Sunnmørsheimen står samhandling i fokus. Det vil seie samhandling med ungdom, foreldre og støttespelarar for ungdomen, men også kommunal barneverntjeneste, skule, BUP, lokalmiljø og andre samarbeidspartar. Dermed er det viktig at avdelingsleiar har gode evner til å samhandle både munnleg og skriftleg. Då institusjonen kan ha ungdomar frå heile landet, må ein pårekne noko reiseaktivitet i samband med samarbeidsmøter, samt kurs, opplæring og konferansar.

Ein naturleg del av det å sikre at institusjonen driv eit godt og forsvarleg tiltak skjer gjennom å lage planar og rutiner, oppfølgjing av planar og rutiner, dokumentasjon og evaluering. Dette gjeld både i oppfølginga av kvar einskild ungdom, men også i forhold til turnus, personaloppfølging og drifta av institusjonen forøvrig. Avdelingsleiar har saman med det øvrige leiarteamet eit overordna ansvar for at planar og rutiner er oppdaterte og vert fulgt.

Som avdelingsleiar har ein eit særskilt ansvar for oppfølgjing av ungdom og personal på eiga avdeling, men som ein del av leiarteamet er drifta av institusjonen eit felles prosjekt der ein bidreg mellom anna gjennom inntaksvurderingar, ansvar for rettleiingsgrupper og fagutvikling for heile institusjonen. Avdelingsleiar har stedfortrederfunksjon for einingsleiar.

Kvalifikasjonar

  • Krav om høgare relevant utdanning frå høgskule eller universitet, primært som barnevernspedagog/ sosionom/ vernepleiar. Andre tilsvarande utdanningar kan vurderast ved relevant vidareutdanning.
  • Tilleggsutdanning tilsvarande minimum 60 studiepoeng er ynskjeleg. Relevant leiarerfaring er ein fordel og kan eventuelt kompensere for dette.
  • Kompetanse på, eller erfaring med rettleiing er eit krav. Dersom ein manglar formell kompetanse på rettleiing må ein forplikte seg på å ta godkjent kurs i rettleiingsmetodikk ved oppstart i stillinga.
  • Kompetanse på traumesensitiv tilnærming er ein fordel. Den som vert tilsett, må kunne tileigne seg, og rettleie på prinsippa for ei traumesensitiv tilnærming.
  • Kompetanse på AART, MBT/mentalisering, MI, eller anna relevant behandlingstilnærming er ynskjeleg.
  • Erfaring frå barnevernsarbeid og kjennskap til barnevernlova er ynskjeleg.
  • Erfaring frå planarbeid (handlingsplan/behandlingsplan) er ynskjeleg.
  • Førarkort for bil (klasse B) er eit krav.
  • God erfaring frå dagleg bruk av IKT verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

Rolla som avdelingsleiar ved Sunnmørsheimen gjev mange moglegheiter for fagleg og personleg utvikling for deg som søkjer ein utfordrande og meiningsfull jobb. Som avdelingsleiar må ein ha eit stort hjarte for ungdomane våre, ha evne til å vise kjærleik og ha eit varmt blikk. Ein må også ha evna til å kunne rettleie medarbeidarar på å møte ungdomane med kjærleik og varme.

Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det innebær å ha eit avklara forhold til eiga historie og eigne kriser og gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.

Vi har stort fokus på samarbeid med dei som bur hjå oss. Dette krev at du må ha gode samarbeidsevner både når det kjem til ungdomar, familiane deira, samarbeidspartar og kollegaer.

Du må ha eit bevisst forhold til bruk av tvang samt omgrep som tillit/tryggleik, relasjon og regulering i praksis.

Den som vert tilsett, må ha evne til å kunne leie rettleiingsgrupper og individuell rettleiing der den enkelte medarbeidar sin eigen praksis og tilnerming er i fokus. Ein må også ha eit fagleg engasjement og evne til å bidra til at institusjonen opprettheld og vidareutvikler si faglege plattform og modell.

Ein avdelingsleiar ved Sunnmørsheimen må ha evne til å arbeide systematisk og strukturert under stort arbeidspress, og samstundes kunne vere fleksibel i møte med ulike utfordringar. Å vere avdelingsleiar krev stor ansvarsevne og evne til initiativ, og at ein tek oppgåver på sjølvstendig grunnlag. 

Personlege eigenskapar vil vere avgjerande for kven ein tilset.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 442 400 - 631 700 pr. år (ltr. 50-70). Løn vert vurdert etter ei heilskapsvurdering av kvalifikasjonar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Deltaking i eit engasjerande fagmiljø, der ein mellom anna har fast rettleiing og regelmessige fagdagar.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, mellom anna gjennom Bufetat Leiarskule.

Generelle opplysningar

  • Bufetat ynskjer å vera ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktperson for stillinga
Leiar Bjørnar Myklebust Hunnes, tlf. 466 15 195, bjornar.hunnes@bufetat.no

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist:  21.10.2018

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si hovudoppgåve er å gi brukarane våre hjelp og støtte uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, rettferdsvederlag, tilskotsforvaltning, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og vold i nære relasjonar. Bufetat er organisert i fem regionar samt Bufetat Senter for administrasjon og utvikling med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovedkontor i Oslo. Bufetat er underlagt Barne-, og likestillingsdepartementet.  


Region Midt-Norge består av fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.


Sunnmørsheimen ungdomsheim er eit tiltak under Bufetat. Tiltaket ligg sentralt plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Sunnmørsheimen ungdomsheim har to avdelingar med totalt 9 behandlingsplassar for ungdom i alderen 12-18 år. Sunnmørsheimen er ein institusjon som har ein lang og sterk tradisjon, men som likevel alltid er ute etter å tilegne seg ny kunnskap og utvikle eigen praksis. Menneskesyn og verdiar står sentralt i tilnærminga til ungdomane. Vi bygger arbeidet vårt på traumebevisste haldningar, samt at fokus på brukarmedverknad og ungdomen sine ressursar står i fokus.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Klatrevegen 2, 6104 Volda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4284 følger dette firmaet

Klatrevegen 2, 6104 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 130065525
Sist endret 25. sep. 2018 09:54

Rapporter annonse