Utløpt

Leiar for ny samhandlingsseksjon

Stillingstittel
Leiar for ny samhandlingsseksjon
Frist
03.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Helse Bergen styrker samhandlingsarbeidet og etablerer ein eigen samhandlingsseksjon.
Den nyetablerte eininga skal være tett knytt opp til leiinga i føretaket og leiar for samhandlingsseksjonen vil rapportere til vår nye viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster.

Sentrale oppgåver for eininga er å vere pådrivar for utvikling av samhandlingsarbeidet på overordna nivå.
Den gode oppfølginga av pasientane saman med kommunane skal framleis gjennomførast i den enkelte klinikk/avdeling. Oppgåver som samhandlingsseksjonen har ansvaret for er:
.Støtte regionssjukehuset i gjennomføring av føretaket sin strategi for samhandlingsarbeid.
.Koordinere det interne samhandlingsarbeidet
.Prosessleiing/-støtte i dei formelle samhandlingsaktivitetane med kommunane. Her ligg og oppfølging av praksiskonsulentane (PKO)
.Prosjektleiing/-støtte inn mot samhandlingsområdet
.Overordna oppfølging av brukarmedverknad for å gje oss det rette pasientperspektivet i alt vi gjer
Sjå saman.no

Den nye eininga vil bestå av få, men kompetente rådgivarar med variert erfaringsbakgrunn som femner om pasientbehandling - pasientforløp - IKT - organisasjon - juss - kommunikasjon.

Som seksjonsleiar er du ein pådrivar i arbeidet for å støtte regionssjukehuset i samhandlingsarbeidet. I møte med kommunane er du ein synleg og konstruktiv representant for regionssjukehuset. Vi søkjer deg som er god i dialog, oppmerksam på kva som er viktig i god formidling og som samstundes når måla som er sett. Du vil arbeide tett saman med viseadministrerande direktør, leiinga og dei enkelte klinikkane på regionssjukehuset.

Arbeidsoppgåver

  • Vere rådgivar og gi støtte til toppleiinga i spørsmål om samhandling
  • Bidra til utvikling av gode arenaer og fora for samhandling og brukarmedverknad
  • Sikre at eininga gir god støtte til klinikkane i samhandlingsarbeidet
  • Personal- og økonomiansvar for den nye seksjonen
  • Ansvar for fagleg utvikling av dei tilsette i seksjonen som sikrar at eininga er tilpassa framtidige oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og kommunestruktur
  • Kunnskap om beslutningssprosessar i offentleg sektor
  • Erfaring frå endring- og forbetringsarbeid
  • Erfaring med prosjekt-/utviklingsarbeid
  • Kjennskap til dei samla helsetenestene og god systemforståing
  • Erfaring frå komplekse utgreiingsoppgåver
  • God i skriftleg og munnleg kommunikasjon

Utdanning

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Sjukepleie, medisin, helsefag, psykologi eller annan relevant utdanning

Eigenskapar

  • Høg gjennomføringsevne med gode resultat frå å koordinere komplekse prosessar
  • Organisasjonsforståing
  • Arbeider strukturert og målretta med ein involverande leiarstil
  • Endringsvillig og initiativrik
  • Tek ansvar for å bidra til eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein god nettverksbyggar, både internt og eksternt
  • Leverer gode resultat gjennom å skape tverrfagleg samarbeid og kompetansebygging på tvers
  • Robust og gode strategiske eigenskapar
  • God kommunikasjonsevne

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

spesialisthelseteneste, primærhelseteneste, samhandlingsarbeid, leiarstilling, sjukehusledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi-Luise Møgster
Stillingstittel
Viseadministrerande direktør
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 126917056
Sist endret 17. aug. 2018 14:06

Rapporter annonse