Utløpt

Rektor

Arbeidsgiver
Fusa kommune - Undervisning
Stillingstittel
Rektor
Frist
27.08.2018
Ansettelsesform
Fast
.
Fusa kommune søkjer rektor, for tida ved Søre Fusa skule. Søre Fusa skule er ein fådelt barneskule med ca 30 elevar og ca 7 vaksne. Alle skulane i kommunen skal starta med Vurdering for læring hausten 2018 og er med i realfagsatsinga. Skulane jobbar systematisk og i fellesskap for å sikra god kvalitet på alle skulane i kommunen. Rektorane organiserer nettverk og samarbeider om innhaldet i desse. Her blir det lagt vekt på felles kompetanseheving av dei tilsette i kommunen. Denne våren har fokuset vore på ordinær undervisning og tilrettelegging. Søre Fusa skule sin visjon er "Av glede og kunnskap får me aldri nok, og det monnar når me ler og løftar i flokk".

Arbeidsoppgåver

  • Forvalta skulen sin totale ressurs på ein god måte
  • Sikra framoverlent undervisning og god læring
  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og ha ein målretta innsats for god prestasjonsutvikling
  • Leia og utvikla pedagogisk arbeid slik at me oppnår auka læringsutbytte for kvar einskild elev
  • Vera med og utvikla eit leiarteam som jobbar systematisk med oppfølging av læring og utvikling hjå elevane
  • Synleggjere skulen på ein positiv måte
  • Sikra godt samarbeid mellom heim og skule
  • Jobba godt med relasjonsarbeid og ha fokus på oppfølging av §9a

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning og solid skuleerfaring, gjerne rektorerfaring frå 1-10 skule
  • Du kan vise til god resultatutvikling
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er kunnskapsorientert og har god forsking på skuleutvikling
  • Du har erfaring med kvalitetsutvikling og med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Utdanning

  • Høgskule / Universitet
  • Skule / barnehage

Eigenskapar

  • Du må vera ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
  • Du er modig og jobbar kunnskapsbasert i utviklinga av skulen
  • Din leiarstil er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og god gjennomføringsevne
  • Du må ha engasjement, evne og vilje til målretta samarbeid med elevar, tilsette, føresette og lokalmiljøet
  • Du har evne til å motivera tilsette, elevar og føresette til å ta ansvar for eit godt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er løysingsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Stillingsbrøk:100% fast stilling
  • Ein spanande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
  • Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt med leiargruppa
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Om arbeidsgiveren


Fusa - midt i blinken! 


Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.



Visjon og slagord for kommunen er ”Fusa – midt i
blinken!”, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår
Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360
tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket «Fusa i farten» og arbeider i
tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For
alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.



Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Neset 25, 5647 Baldersheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik
Stillingstittel
Skulefagleg rådgjevar
Telefon
93 40 59 78
Følg firma
15 følger dette firmaet

Neset 25, 5647 Baldersheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 126914778
Sist endret 17. aug. 2018 13:39

Rapporter annonse