Utløpt

Undervisningsinspektør ved Alversund skule

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør
Frist
24.09.2018
Ansettelsesform
Fast

Alversund skule

Alversund skule er ein barneskule som ligg sentralt til i Alversund, ca 5 min frå Knarvik. Skulen har omlag 360 elevar, og 65 tilsette. Alversund Skulefritidsordning har for tida 140 barn og 20 tilsette. Ny Alversund skule med fleirbrukshall skal etter planen stå ferdig til skulestart hausten 2020.

 

Kort om stillinga

Frå snarast vi ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør. Undervisningsinspektøren er ein del av skuleleiinga og arbeider til dagleg med å leggje til rette for undervisning og læring. Leiarteamet består av rektor, to undervisningsinspektørar og SFO-leiar.

 

Arbeidsoppgåver

I tillegg til leiaroppgåver og administrative oppgåver ligg det undervisningsplikt til stillinga på omlag 40 %. Administrative oppgåver vil mellom anna vera oppfølging av elevsaker, timeplanar og innkjøp. Til leiaroppgåvene ligg oppfølging av eit lærarteam, personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid.

 

Ønskt kompetanse

  • relevant pedagogisk utdanning
  • arbeidserfaring frå barneskulen
  • leiarutdanning og leiarerfaring frå skule

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi søkjer etter ein strukturert, fleksibel og entusiastisk medarbeidar med god samarbeidsevne, innsatsvilje, gode faglege kvalifikasjonar og interesse for pedagogisk utviklingsarbeid. Søkjaren bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, god skriftleg og munnleg formidlingsevne og gode kommunikasjonsevner opp i mot elevar, føresette og medarbeidarar.

 

Vi tilbyr

  • ei inspektørstilling med leiaransvar på ein skule med eit engasjert og utviklingsorientert miljø
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • lønn- og tilsetjingvilkår er i samsvar med lov- og avtaleverk

 

Søknad

Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.Dersom du har behov for hjelp med registrering, kontakt personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med meir enn 15.000 innbyggjarar. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, berre 30 minutt frå Bergen sentrum. Kommunen vår skal vera staden der draumar blir røyndom, og derfor arbeider vi alltid med å vera kvalitetsbevisst,framtidsretta, inkluderande og tenestevillige.Frå 2020 blir vi ein del av noko endå større: Saman med nabokommunane Meland og Radøy byggjer vi den nye Alver kommune med nær dobla innbyggjartal.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Nedre Alver 2, 5911 Alversund
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

utviklingsarbeid, leiarteam, pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leif Hopland
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 37 54 63
93 84 71 09
Følg firma
66 følger dette firmaet

Nedre Alver 2, 5911 Alversund

Annonseinformasjon

FINN-kode 126893213
Sist endret 4. sep. 2018 12:57

Rapporter annonse