Utløpt

Cost & Revenue Manager

Arbeidsgiver
Hotel Ullensvang
Stillingstittel
Cost & Revenue Manager
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Cost & Revenue Manager ved Hotel Ullensvang har eit ansvar for å på-sjå at drifta er økonomisk forsvarleg. Cost & Revenue Manager skal ha eit fokus på at arbeidsprosessar er optimale og effektive, og me ynskjer ein person som tek initiativ og kjem med forslag til nye måtar å arbeida på med fokus på kostnadar og inntekter. Stillinga rapporterer direkte til styret og eigarar i konsernet. Sentrale arbeidsoppgåver: 
  • Økonomisk- og forsvarleg drift av Hotel Ullensvang 
  • Inntekts- og kostnadsoptimalisering 
  • Avd.leiar for Rekneskapsavdeling og oppfylging av eksternt regnskapsbyrå samt revisor 
  • Sikra god styringsinformasjon både på strategisk og operativt nivå 
  • Leie digitalisering og modernisering av økonomifunksjonen 
  • Utvikla, forbetra og effektivisera rutinar og prosessar 
Ynskja kvalifikasjonar: 
  • Høgare utdanning innan økonomi. Arbeidserfaring og relevant kompetanse kan kompensera for formell utdanning 
  • Gode faglege kunnskapar. Erfaring med rekneskap (frå A-Å), samt bedriftsøkonomi 
  • Erfaring frå tilsvarande stilling som Cost/Revenue manager, Controller eller Økonomi/Rekneskapsansvarleg 
  • Generelt gode IT-kunnskapar – kjennskap til Excel 
  • Erfaring frå service-bransjen er ein fordel 
Vi ser etter deg som: 
  • Tek eigarskap til rolla – og som ynskjer det beste for hotellet 
  • Er ein initiativtakar, og som evnar å arbeide sjølvstendig 
  • Har ein strukturert og nøyaktig arbeidsform 
  • Er handlekraftig og som har god gjennomføringsevna 
  • Evnar å setje deg inn i andre sin arbeidssituasjon, og som ser «det store biletet» 
Vi kan mellom anna tilby: 
  • Eit flott hotell som arbeidsstad; med lange og gode tradisjonar, og engasjerte eigarar 
  • Stor påverkingskraft i organisasjonen 
  • Store moglegheiter for fagleg utvikling for den rette kandidaten 
  • Ordna arbeidsforhold med gode lønsbetingingar og pensjonsordningar 
  • Vi er behjelpelege med å formidla husvære og leggja til rette for vår nye medarbeidar 
 Ved spørsmål, kontakt ein av våre rekrutteringsrådgjevarar i Headvisor; Bjørn Horne tlf. 911 61 390 eller Janne Siri Horne tlf. 907 21 164. Kortfatta søknad med CV sendes snarast.  Om ynskjeleg vert henvendingar til Headvisor handsama fortruleg inntil anna vert avtala. 

Om arbeidsgiveren

Hotel Ullensvang anno 1846 kan sjå tilbake på over 170 år med kontinuerleg drift. Hotellet er eigd og har vore drifta av familien Utne gjennom 5 generasjonar. Hotellet er heilårsope med hovudsesong mai - september. Hotel Ullensvang er stolt medlem av De Historiske Hotell- og Spisesteder. For meir informasjon, sjå www.hotel-ullensvang.no

Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
5781 Lofthus
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller

Nøkkelord

Økonomi, Økonomistyring, Inntektsoptimalisering, Kostnadsoptimalisering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Følg firma
2317 følger dette firmaet

5781 Lofthus

Annonseinformasjon

FINN-kode 126892501
Sist endret 17. aug. 2018 09:38

Rapporter annonse