Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
12.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Arbeidet med samanslåing av dei tre kommunane er godt i gang. Den som vert tilsett går inn som prosjektleiar og blir permanent rådmann frå 1. januar 2020.   Vi søkjer ein tydeleg, drivande og samlande leiar. Du må evne å byggja tillit, og få til god samhandling med politisk leiing og tilsette/tillitsvalde i kommunen. Vidare vert evne til å skape gode relasjonar og samhandle med næringsliv og andre eksterne aktørar viktig for å lukkast i stillinga.   Bakgrunn/erfaring.  
  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå     
  • Leiarerfaring frå større kompleks organisasjon med dokumenterte gode resultat     
  • Har vore leiar av omstillingsprosessar, og har erfaring med strategiske utviklingsprosessar     
  • Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring     
  • Kunnskap om, og kjennskap til offentleg sektor     
  • Gjerne også arbeidserfaring frå offentleg sektor     
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling, 3 parts samarbeid og grensesnittet politikk og administrasjon     
  • Forståing for digitalisering som fagområde     
  • Innsikt i det å bli eksponert i «det offentlege rom», samt det å handtere media     
Leiarstil/personlege eigenskapar  
  • Utviklingsorientert og handlekraftig     
  • Tydeleg, står fram med ein naturleg autoritet     
  • Evne til heilskapleg refleksjon, og til å ta strategiske val ut frå dette     
  • Omsorg for dei du har rundt deg og evne til å skape tillit     
  • Sterke analytiske evner     
  • God kommunikasjon og formidlingsevne     
  • Robust som person, kunne håndtere motstand     
Vi kan tilby ein utfordrande og spanande stilling i ein utviklingsorientert kommune. For nærare informasjon om stillinga kontakt gjerne leiar i fellesnemnda Børge Haugetun, tlf. 95073753, eller våre rådgjevarar Jan Tveit / Janne Siri Horne hos Headvisor, tlf. 97539990 / 90721164.  Kortfatta søknad med CV  sendast snarast og seinast innan  12. september

Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert eín kommune frå januar 2020. Kommunen får namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket skal vera nynorsk. For meir informasjon og utvida stillingsannonse sjå www.nyeoygardenkommune.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
SKJENET 2, 5353 Straume
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Samfunnsutvikling, Næringsutvikling, Omstillingsprosesser, Rådmann, Utviklingsprosesser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tveit
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
97 53 99 90
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Følg firma
2325 følger dette firmaet

SKJENET 2, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 126830126
Sist endret 14. sep. 2018 02:18

Rapporter annonse