Utløpt

Forretningsutviklar og Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Næringshagen på Voss AS
Stillingstittel
Forretningsutviklar og Dagleg leiar
Frist
27.08.2018
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer etter Forretningsutviklar og Dagleg leiar. Arbeidsoppgåvene vil omfatta, men ikkje vera avgrensa til å styra omstillingsprosjekt, vera pådrivar for å etablere nye bedrifter og bistå eksisterande medlemsbedrifter til vekst. Dagleg leiar skal og vera ein dyktig rådgjevar for medlemsbedriftene til Næringshagen på Voss. Dagleg leiar skal vera pådrivar for å utvikla miljø og nettverk for gjensidig læring, arrangere kompetansehevande tiltak for medlemsbedrifter, og delta proaktivt i relevante regionale nettverk med fokus på vekst og sysselsetting. Dagleg leiar har personalansvar for tre medarbeidarar, og vil rapportera til styre for Næringshagen på Voss.

 

Me ser etter deg som:

·         Meiner at du kan bidra til å utvikla næringslivet på Voss og i regionen

·         Har praksis som prosjektleiar/ forretningsutviklar for privat næringsliv

·         Har dokumentert leiarerfaring og kan visa til gode resultat

·         Har høgare utdanning innan økonomi, innovasjon, strategi, jus og/eller prosjektleiing

·         Jobbar sjølvstendig

·         Er analytisk og har evne til å setja deg inn i strategiske utfordringar

·         Har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

·         Er serviceinnstilt og god på relasjonsbygging

 

Det er ei føremon om du i tillegg har kjennskap til kjennskap til lokale og regionale næringspolitiske utfordringar. Kjennskap til offentleg verkemiddelapparat og for finansieringskjelder vil vera føremoner knytt til arbeidet.

 

 

Me tilbyr:

·         Stor fridom i eigen arbeidskvardag, og stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver

·         Personlege utviklingsmoglegheiter i ein krevjande og interessant jobb

·         Engasjerte og dyktige kollegaer i eit offensivt utviklingsmiljø

·         Lønn etter avtale – tiltreding så snart som mogleg

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Rigmor Onarheim Tlf. 952 49 105 eller til avtroppande dagleg leiar Frode Rokne Tlf. 918 41 635. Søknad og CV kan sendast til post@nhvoss.no. Søknadsfrist 27. august 2018. 

Om arbeidsgiveren

Næringshagen på Voss AS sitt mål er å auka den regionale verdiskapinga, gjennom utvikling av nye og vekst i eksisterande verksemder. Næringshagen på Voss vart etablert i 2013 og har tatt rolla som kompetansesenter for næringslivet i regionen herunder seminar, innovasjonsrådgjeving og møteplass. Medlemmar, eigarar og det offentlege er nøgd med resultata så langt. I tillegg er me i ferd med å gjennomføra eit 3 åring prosjekt med å etablera InnovasjonsHUB for Voss og regionen. Dei største eigarane i næringshagen er Voss Energi AS, Siva, Sparebanken Vest, Voss Veksel og Landmandsbank, Voss Sparebank. Næringshagen har i dag 64 mål- og medlemsbedrifter og jobbar etter Siva sitt næringshageprogram. Det tilsaman4 tilsette i næringshagen.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Skulegata 14, 5700 Voss
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

forretningsutvikling, kompetanseheving, nettverksbygging, prosjektleiar, innovasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rigmor Onarheim
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Frode Rokne
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
Vis telefonnummer

Skulegata 14, 5700 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 124715698
Sist endret 30. aug. 2018 13:42

Rapporter annonse