Utløpt

Avdelingsleiar i Statped vest

Arbeidsgiver
Statped
Frist
15.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATPED
- noko for deg?   Ønskjer du å leie endrings- og utviklingsarbeid i eit kompetansemiljø innan utdanningssektoren, då er kanskje Statped vest staden for deg. Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i høyrselsavdelinga vår, og søkjer no etter ein ny leiar til avdelinga og leiarfellesskapet i regionen. I tillegg til å vere ein del av regiondirektøren si leiargruppe, vil du også vere ein del av eit leiarnettverk på tvers av dei fire regionane i Statped.     Du vil som avdelingsleiar bli leiar i eit kompetent fagleg miljø med mange dugande medarbeidarar. Medarbeidarane i avdelinga har arbeidsoppgåver knytt til audiofagleg rådgjeving og ulike former for kursverksemd for barn, unge og vakse i tilknyting til høyrselsfeltet. Organiseringa av tenestene i Statped kan bli endra.    Både i regionen og gjennom leiarnettverket vil du kunne initiere og ta del i spennande leiaroppgåver. Statped har sett arbeid med digitalisering høgt på dagsorden, og dette er eitt av områda som det er høve til å vere med å utvikle vidare.      Arbeidsoppgåver 
  • Avdelingsleiar har ansvar for å ta del i strategisk utvikling av Statped vest som heilskap 
  • Avdelingsleiar er ansvarleg for å vidareutvikle høyrselsavdelinga slik at den best mogeleg bistår brukarar, grupper av brukarar, kommunar og fylkeskommunar i regionen. Avdelinga skal også bidra til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing. 
  • Den som vert tilsett skal bidra til vidareutvikling av Statped vest sitt tenestetilbod i dialog med kommunale oppdragsgjevarar og PP-tenesta 
  • Samhandle med andre norske og internasjonale fagmiljø på området 
  • Avdelingsleiar rapporterer til regiondirektør
  • Den som vert tilsett må rekne med noko reiseverksemd 
     Personlege eigenskapar 
  • God til å kommunisere og samarbeide med andre 
  • Kreativ og fleksibel 
  • Sjølvstendig, analytisk og resultatorientert 
  • Utviklingsorientert og kvalitetsmedviten 
  • Beherske bruk av administrativ IKT verktøy   
  • Personleg eigna 
     Kvalifikasjonar 
  • Vi søkjer ein person med: 
  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå. Det kan vere utdanning innan spesialpedagogiske fagområde, psykologi, pedagogikk, rådgjeving eller anna. 
  • Relevant leiarerfaring. 
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid kring oppvekstvilkår for barn og unge vil vere ein fordel 
  • Gode system- og forvaltningskunnskapar 
  • God kunnskap om norsk skule- og utdanningspolitikk 
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Skriftleg framstilling på begge målformer 
  • God rolleforståing 
  •  Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten. 
     Vi tilbyr 
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon som legg vekt på fagleg kvalitet i tenesteutøvinga og profesjonalitet i alle ledd 
  • Gode høve til å påverke utviklinga av Statped sitt tenestetilbod 
  • Gode kollegaar og ein organisasjon i utvikling 
  • Stillinga vert løna som avdelingsleiar (st.kode 1407) i ltr 70-76 (p.t kl. 631.700- 713.600 brutto pr. år) avhengig av relevant utdanning og erfaring.   
  • Fleksibel arbeidstidsordning 
  • IA-verksemd 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån 

  Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i  personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn og å rekruttere personar med  minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.    Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.  
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5231 Paradis
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gerd Ingunn Opdal
Stillingstittel
Regiondirektør
Telefon
90 62 09 38
Følg firma
818 følger dette firmaet

5231 Paradis

Annonseinformasjon

FINN-kode 124485637
Sist endret 16. aug. 2018 02:49

Rapporter annonse