Utløpt

Reinhaldsleiar

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Reinhaldsleiar
Frist
19.08.2018
Ansettelsesform
Fast

Driftstenesta har ledig fast stilling som reinhaldsleiar

Samlokalisering av Mo og Øyrane vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane er gjennomført. Det er sett opp reinhaldsplan for samla areal for desse to skulane i tillegg til Hafstad vidaregåande skule. I samband med den nye reinhaldsplanen skal Mo og Øyrane vidaregåande skule, Hafstad vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane teste ut samla reinhaldsressurs med ein leiande reinhaldar som skal ha personalansvar.

Arbeidsoppgåver:

  • Om lag 60% administrativ stilling og 40% som reinhaldsoperatør 
  • Dagleg leiarskap for sine einingar og følgje opp brukaravtale 
  • Koordinere samarbeid mellom einingane for best mogleg å utnytte ressursane 
  • Tett samarbeid med fagansvarleg, og delta i regelmessige møte med leiinga ved einingane 
  • Personalforvaltning og HMT med omsyn til fråværsoppfølging, vikarordningar, opplæring etc. 

Reinhaldsleiar rapporterer til driftssjef. Det kan bli endringar i organiseringa av bygg- og eigedomsdrift i samband med regionreforma. 

Vi krev:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør eller husøkonom 
  • Erfaring frå tilsvarande stilling inklusiv personalleiing 

Vi vektlegg:

  • Gode samarbeidsevner 
  • Grunnleggande digitale ferdigheiter 
  • Ta ansvar og jobbe sjølvstendig 
  • Serviceinnstilt 
  • Løysingsorientert 
  • Evne til å skape tillit og aksept 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Fleksibel arbeidstid 

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Førde. 

På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Nærmare opplysningar får du hjå driftssjef Tore Oddvin Stølen, tlf. 415 30 980. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. 

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknadsfrist: 19. august 2018

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommunen har oppgåver innan regional planlegging, vidaregåande opplæring, tannhelse, kulturtiltak, fylkesvegar, kollektivtrafikk, næringsutvikling og administrasjon. Vi tilbyr ut frå dette stillingar innan utviklingsarbeid, tenesteyting og forvaltning. Vi er ca. 1.400 tilsette og har eit årleg driftsbudsjett på nær 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6800 Førde
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold,
Ledelse

Nøkkelord

reinhaldsoperatør, husøkonom, personalledelse, ledelse, personalansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tore Oddvin Stølen
Stillingstittel
Driftssjef
Telefon
41 53 09 80
Følg firma
39 følger dette firmaet

6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 124340244
Sist endret 21. aug. 2018 03:30

Rapporter annonse