Utløpt

Avdelingsleiar på ny dementavdeling

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
19.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Nyoppretta fast stilling ledig frå desember 2018

Vi opnar ny dementavdeling i januar 2019, med 20 plassar for personar med sjukdommen demens. I starten vil 10 av plassane bli åpna, resten vil truleg bli tatt i bruk i løpet av 2019.

Dersom du har brennande engasjement for demente og lyst til å vere med å starte opp ein ny avdeling og utvikla tilbodet til personar med demens på langtidsavdeling er dette stillinga for deg. Du vil ha varierte arbeids- og ansvarsoppgåver og leia ein stab med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Arbeidsstad
Pleie - og omsorgstenesta, Luranetunet

Luranetunet opna tilbygg i november 2017, og rommar idag 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, dagsenter,ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Luranetunet har ein ny og flott innebygt tropehage på 1300m2 kor bebuarane kan være ute i behageleg temperatur heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag- og
kveldstid.Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til heimesida vår; oskommune.no/ eller Luranetunet si side på facebook.com

Arbeidsoppgåver
- planlegga drift av avdelinga
- ansvar for dagleg drift og arbeidsplanar
- utarbeida, forvalta og vidareutvikla gode system som sikrar at brukarane sine rettar blir teken i vare
- bidra til å utvikla gode tenester for personar med demenssjukdom og deira pårørande
- fagleg leiing og oppfølging av personalet
- fagleg og etisk rettleiing av tilsette
- vera ein del av leiargruppa og medverka til utvikling av gode tenester i pleie- og omsorgstenestene i kommunen


Kvalifikasjonar
- autorisert sjukepleiar
- leiarutdanning og vidareutdanning i geriatri, eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav
- ønskjeleg med leiarerfaring
- erfaring frå arbeid med demente
- god datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk - på høgare nivå)
- utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ønskjer ein leiar som:
- har interesse for demensomsorg og miljøterapeutisk arbeid
- har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
- er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
- evnar å motivera og skapa engasjement blant dei tilsette
- er tydeleg, arbeider målretta og har gjennomføringskraft
- har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- er positiv, kreativ og løysningsorientert

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen
kan by på dei vakraste natur- og kultur-opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

Sykepleier, Avdelingsleder, pleie, omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Winsents
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
56 57 55 62
92 02 83 54
Følg firma
490 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 124312722
Sist endret 13. jul. 2018 14:48

Rapporter annonse