Utløpt

Leiar for næring og utvikling | Alver kommune

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Leiar for næring og utvikling
Frist
17.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Visindi AS

strategisk – nytenkjande - gjennomføringskraft

Alver kommune søkjer ein strategisk leiar til å byggje opp området for næring og utvikling i den nye storkommunen i Nordhordland. Området næring og utvikling vil få ansvaret for å sikre strategisk utvikling av samfunn, næring, by, nærmiljø og infrastruktur. Ein sentral del av arbeidet blir å følgje opp nasjonal, regional og lokal utviklingspolitikk. Næring og utvikling er eit tenesteområde i sektoren samfunnsutvikling, og leiar vil mellom anna jobbe tett saman med plansjef og kultursjef i sektoren. Leiar for næring og utvikling rapporterer til leiar for Samfunnsutvikling i Alver kommune, Hogne Haugsdal.

Den rette kandidaten er nytenkjande og visjonær og har vist evne til å vere drivkrafta i prosjekt frå ide til gjennomføring. Ein bør ha innsikt i strategisk planarbeid og implementering, og ha erfaring frå prosjektstyring, budsjettarbeid og økonomistyring. Du har eit godt nettverk i næringslivet, kommersiell forståing og innsikt i eller erfaring frå næringsutvikling,

Vi forventar at du er resultatorientert og at du jobbar systematisk med å utvikle det nye området, som får ei brei grenseflate internt og eksternt. Det føreset svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og interesse for rammene rundt kommunal forvaltning og rollefordelinga mellom politikk og administrasjon.

Erfaring frå endringsprosessar, utviklingsarbeid og prosjektstyring vil verte vektlagt. Du skapar eit godt arbeidsmiljø og er ei synleg drivkraft som byggjer vinn-vinn løysingar og alliansar. Den som får rolla må ha stayerevne og gjennomføringskraft i lengre prosessar. Samtidig må ein vere "på", ha teft og ofte ta pådrivarrolla for nye initiativ.

Den som går inn i rolla vil først bli tilsett i Lindås kommune som Leiar for næring og utvikling, med ansvaret for å leie samanslåinga av fagområda i Radøy, Meland og Lindås. Frå 1.1 2020 vil du verte Leiar for næring og utvikling i Alver kommune.

For meir informasjon om stillinga sjå Visindi.no, eller kontakt Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141 eller Knut Eide på 916 56 107. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast via "stillinger" på Visindi.no snarast og seinast innan 17. august 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
KVERNHUSMYRANE 20, 5914 Isdalstø
Bransje
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Markedsanalyse
Stillingsfunksjon
Analyse,
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse

Nøkkelord

relasjonsbygger, ideutvikling, strategi, næringsliv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Solbakken
Stillingstittel
Seniorrådgiver i Visindi
Telefon
91 10 41 41
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Knut Eide
Stillingstittel
Seniorrådgiver i Visindi
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
4516 følger dette firmaet

KVERNHUSMYRANE 20, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 123985217
Sist endret 7. jul. 2018 17:57

Rapporter annonse