Seksjonsleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Frist
- 20.08.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Seksjon for teknologi og utvikling SNR er ein ny og samanslått seksjon for arbeidsstadane Molde, Hjelset og Kristiansund i samband med etablering av nye SNR. Seksjonen er organisert i Avdeling for teknologi og utvikling i Klinikk for drift og eigedom i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen har ansvar for områda allmennteknikk og medisinsk teknikk med sine underliggande fagområder. Seksjonen tel pr.dato 21 medarbeidarar.
Seksjonsleiar i fast 100% stilling frå snarast.
Arbeidsstad: Molde/Hjelset/Kristiansund
Seksjonsleiar vil rapportere direkte til avdelingssjef ved Avd. for teknologi og utvikling og inngår i leiargruppa til avdelingssjefen. Det skal rapporterast månadleg på økonomi og avtalte driftsindikatorar.
Seksjonsleiar deltar i faste møter som avdelingsråd, kvalitetsråd og samarbeidsråd.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har personalansvar for alle medarbeidarane i seksjonen.
- Seksjonsleiar skal medvirke til god koordinering mellom noverande driftsorganisasjon og SNR-prosjektet.
- Skal arbeide målretta for at seksjonen skal vere best mogleg rusta til å møte nye SNR med tanke på FDVU-oppgåver (forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling). Kompetanseplanlegging og kompetanseutvikling blir viktig her.
- Seksjonsleiar skal sikre at seksjonen blir drive i samsvar med overordna føringar (strategiar, styringsdokument, lover, forskrifter etc) og innanfor gjeldande fullmakter og økonomiske rammer.
- Krav knytt til kvalitet, aktivitet og økonomi skal ha fokus. Det skal leggjast vekt på brukarmedverknad og kva som tener pasienten best.
- Ta eit heilskapleg ansvar for resultata verksemda skaper, og sjå til at dette skjer innanfor fastsette rammer.
- Ta ansvar for alle medarbeidarar og yrkesgrupper i seksjonen, og sikre at arbeidsmiljø og organisasjonskultur er tilpassa oppgåvene som skal løysast.
- Sikre god kommunikasjon og informasjon av omsyn til oppgåveløysing, og for å fremje openheit og god samhandling internt og eksternt.
- Seksjonsleiar har normalt arbeidstid på dagtid, og deltar ikkje i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Høgskule-/universitetsutdanning med særleg vekt på tekniske fag.
- Relevant arbeidspraksis og kjennskap til drift og forvaltning av teknisk utstyr (herunder medisinsk teknisk utstyr), og installasjonar i sjukehusbygg er ønskjeleg.
- Vi vil vektlegge: Gode leiareigenskapar; erfaring frå leiarstillingar, god serviceinnstilling, god struktur og sjølvstende, god samhandlingsevne og god kommunikasjon skriftleg og munnleg.
- Høgare relevant utdanning. Relevant praksis og leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i pensjonsordning, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling.
Om arbeidsgiveren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- 6412 Molde
- Bransje
- Helse og omsorg,
- Drift og vedlikeholdstjenester,
- Medisinsk utstyr og rekvisita
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester,
- Ingeniør,
- Teknisk service
Nøkkelord
Medisinsk teknikk, Bygg, anlegg, VVS, Mellom-/linjeleiar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Peter Inge Østrem
- Stillingstittel
- Avdelingssjef v/Avdeling for teknologi og utviklin
- Telefon
- 91 11 89 33
- Kontaktperson
- Mona Aagaard-Nilsen
- Stillingstittel
- Klinikksjef v/Klinikk for drift og eigedom
- Telefon
- 41 64 30 20
6412 Molde