Utløpt

Direktør

Arbeidsgiver
Skyss
Stillingstittel
Direktør
Frist
18.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Som direktør i Skyss vil du ha ei viktig rolle i den vidare utviklinga av kollektivtilbodet i fylket. Du vil legge til rette for at organisasjonen når sine mål i tråd med politiske vedtak. Samstundes vil du vere ein pådrivar i arbeidet med utvikling og vekst i tilbodet til dei reisande og gi politisk leiing eit godt grunnlag for å kunne ta avgjersler som er fagleg forankra, i tråd med nasjonale og internasjonale forventningar. 
 

Vi ønskjer deg med høgare utdanning og solid leiarerfaring med dokumenterte gode resultat. Du blir motivert av å vere med på å bygge samfunnet på ein miljømessig god måte, og å legge tilrette for gode tenester for innbyggarane i Hordaland. Du trivst med marknadsorientert arbeid i ein framtidsretta organisasjon.

Gjennom god evne til å engasjere og motivere dine tilsette vil du vidareutvikle organisasjonen. Kollektivbransjen står i mange spanande utfordringar framover, og du vil sikre at dette blir møtt på ein profesjonell og fagleg godt forankra måte.

Det er ønskeleg at du har solid økonomikunnskap og erfaring frå komplekse prosessar. Vidare vil vi vektlegge god rolleforståing for arbeid i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.

Kompetent, offensiv og i dialog er dei grunnleggande verdiane i Hordaland fylkeskommune, og desse skal danne basis for all leiing.

Fleire opplysningar får du hos fylkesdirektør samferdsel Håkon Rasmussen tlf. 482 98 090  eller hos Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 og Johanne Sognefest-Haaland tlf. 975 59 051. Meld di interesse ved å registrere CV og søknad innan 18.08.2018 på jobbnorge.no SØK HER eller besøk  www.mercuriurval.no . Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg óg overfor oppdragsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Skyss var oppretta i 2007 og har ansvar for planlegging, innkjøp og marknadsføring av kollektivtransporttenester for buss, bybane og båt i Hordaland. Vi set i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå politiske mål som skal forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket. Skyss er organisert som ei eining under Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune og har omlag 80 tilsette.
Vår direktør gjennom mange år går over i ei anna stilling og vi ser derfor etter hans etterfølgjar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen
Bransje
Transport og logistikk,
Offentlig administrasjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Johanne Sognefest-Haaland
Telefon
97 55 90 51
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2597 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123920593
Sist endret 5. jul. 2018 13:58

Rapporter annonse