Utløpt

Kommunalsjef skule og oppvekst

Arbeidsgiver
Seljord kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef skule og oppvekst
Frist
15.08.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Stillinga er mellombels på to år, med moglegheit for fast tilsetting. Er du ein leiar med kompetanse og interesse for utvikling av skule- og oppvekst/barnehagetenestane i Seljord kommune? Då kan du vere den vi leitar etter som vår nye kommunalsjef for skule og oppvekst. Tilsetting frå 01.10.2018 eller så raskt som råd.
Programområdet for skule og oppvekst dekkjer skule, barnehage, kulturskule, vaksenopplæring og flyktningtenesta i kommunen. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for utvikling av tenestene, skulefagleg ansvar, samt personal-, økonomi- og budsjettansvar for dei overordna skule- og oppveksttenestane i kommunen.

Dei kommunale skule- og oppveksttenestene er under kontinuerleg utvikling, og områder som skulefagleg ansvarleg, digitalisering, strategisk planlegging og vidareutvikling av gode skule- og oppveksttenester er stikkord på områder som kommunalsjefen vil jobbe særskilt med.  Kommunalsjefen sit i rådmannen si leiargruppe, er næraste leiar for avdelingsleiarane og samarbeider tett med dei.
Seljord kommune er i ein omstellingsprosess i 2018. Endeleg struktur trer i kraft frå 01.10.2018 for delar av dei kommunale områda, men for skule og oppvekst skjer endringa fyrst frå august 2019. Din jobb vil vera å implementere endringane.


Kvalifikasjonar
Til jobben som kommunalsjef søker vi derfor ein dyktig leiar som har høgare relevant utdanning innan det skulefaglege området samt leiarerfaring frå endring og omstilling i offentleg sektor. Utdanning på masternivå vil vera ein fordel. Erfaring frå arbeid innan skule kan kunne kompensere for fagleg utdanning.

Vi ynskjer at du:

  • Har godkjend lærarutdanning
  • Har interesse og engasjement for skule- og barnehageutvikling
  • Har ambisjonar om å skape ein gode tenester
  • Har erfaring/utdanning i skuleleiing/administrasjon
  • Har gode leiareigenskapar
  • Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Kan syne omsorg og interesse for den einskilde medarbeidar
  • Har evne til å bygge gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar
Søkjar bør ha evne til heilskapleg og tverrfaglig fokus både i forhold til fag og organisasjon. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode evner til å jobbe strategisk, samt høg etisk standard er ein føresetnad.

Vi tilbyr
- Høve til, saman med dyktige medarbeidarar, å vere med å vidareutvikle skule og     oppveksttenestene i Seljord kommune.
- Gode utviklingsmogelegeheiter i ei spennande og utfordrande stilling.
- Løn etter avtale
- 10 ekstra fridager, jamfør HTA kap. 1 § 6.3.

- Pensjon gjennom KLP

 

Seljord kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.




Om arbeidsgiveren

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 3 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Innbyggjartalet er omlag 3000.
Seljord kommune sin visjon er "Seljord – Det gode vertsskap". Denne visjonen skal også syne seg gjennom tenestene våre, kommunen som bustad og kommunen som arbeidsplass.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Brøløsvegen 13a, 3840 Seljord
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Kommune, undervising, barnehage, voksenopplæring, kulturskule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Finn-Arild Bystrøm
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Ingeborg Nenseter Jensen
Stillingstittel
Organisasjons- og personalsjef
Mobil
Vis telefonnummer

Brøløsvegen 13a, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 123860376
Sist endret 15. aug. 2018 14:35

Rapporter annonse