Utløpt

Leiar for Verksemdsstyring i divisjon Brukardialog

Arbeidsgiver
Skatteetaten
Stillingstittel
Leiar for Verksemdsstyring i divisjon Brukardialog
Frist
08.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Skatteetaten
Skatteetaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre det finansielle hovudgrunnlaget for offentleg sektor i Noreg. No omorganiserar vi for å møte stadig raskare endringar i samfunnet. Den nye organisasjonen består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar, og 6 700 tilsette. Vil du vere med på å bringe etaten vidare?

Brukardialog vil ha ansvaret for alle publikumstenestene til etaten, som skattemelding, skatteoppgjer og skattekort. Divisjonen skal forvalte og utvikle ordningane knytt til skatt og avgift, og utvikle etaten sin dialog med brukarane. Brukardialog skal vere ein pådrivar i etaten sitt arbeid med å digitalisere, effektivisere og forenkle tenester for brukarane. Divisjonen har rundt 2000 årsverk og er den største eininga i etaten.

Vi søkjer deg som ynskjer å bidra til den spanande endringsreisa som Skatteetaten står framfor. Stab for verksemdsstyring er ein av tre stabar som skal støtte og bidra til å styre verksemda i divisjonen. Som leiar for staben vert du saman med sju andre leiarar ein del av den nye leiargruppa i Brukardialog, som vert leia av divisjonsdirektøren.

Staben er under oppbygging, men omfattar kring 25 årsverk. Leiaren for verksemdsstyring vil ha sin arbeidsstad i Bergen. Der vil også dei fleste medarbeidarane i staben vere. Staben skal samarbeide med dei tilsvarande stabane i dei tre andre divisjonane, i tillegg til verksemdsstyringsstaben i Skattedirektoratet.

Vi er ein stor etat, der leiarane våre må evne å tenke heilskap og trivst med å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø. Leiarar i Skatteetaten vert motiverte av å vere i ei leiarrolle, ynskjer å bruke tid på leiarskap og er villige til å utvikle sitt eige leiarskap.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte divisjonsleiinga i den løpande styringa og samordninga av divisjonen sine fire avdelingar.
  • Fastsetje og følgje opp mål og resultatkrav for divisjonen på vegner av divisjonsdirektøren, og sikre heilskapleg styring og utvikling for divisjonen og etaten.
  • Leie divisjonen sitt arbeid med langtidsplanlegging, budsjett- og økonomistyring, og mål- og resultatstyring.
  • Staben skal sikre divisjonen si deltaking på internasjonale arenaer, og ha dialog med den internasjonale staben i Verksemdsstyring i Skattedirektoratet.
  • Staben har også ansvar for å sikre heilskapleg intern og ekstern kommunikasjon i divisjonen, og vil slik ha ansvar for planlegging av tiltak på kommunikasjonsområdet i divisjonen.
  • Personalansvar for 25 medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • Du bør ha høgare relevant utdanning, på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Du bør ha leiarerfaring frå eit overordna nivå i ei større, kompleks verksemd
  • Du må ha solid erfaring frå tilsvarande ansvarsområde
  • Du bør ha erfaring med å leie i endrings- og digitaliseringsprosessar
  • Du må ha erfaring frå strategiutvikling, økonomi- og verksemdsstyring
  • Du bør forstå samfunnsutviklinga, og potensiale for digitalisering
  • Du bør forstå verksemda og brukarane sine behov

Utdanning

  • Høgskule / Universitet

Eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og skaper engasjement.
  • Du er interessert i menneskje og evnar å leggje til rette for ulike behov
  • Du har pågangsmot og gjennomføringsevne
  • Du er endringsorientert og innstilt på å tilpasse deg etaten sine skiftande rammevilkår
  • Du er utviklingsorientert og oppteken av kvalitet

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
  • utfordrande oppgåver og store fagmiljø
  • kompetanseutvikling
  • fleksitid og betalt overtid
  • trening i arbeidstiden
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar
  • Stillinga vert lønna som seksjonssjef (kode 1211), frå kr 700.000 - kr 900.000, avhengig av kvalifikasjonar. Dei første seks månadane vert rekna som prøvetid.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Nonnesetergaten 4, 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marta Johanne Gjengedal
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Telefon
95 81 16 72
Følg firma
4042 følger dette firmaet

Nonnesetergaten 4, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123855433
Sist endret 5. jul. 2018 09:38

Rapporter annonse