Utløpt

Avdelingsdirektør tru og livssyn

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Frist
12.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Vi søkjer leiar for seksjon for tru- og livsynsfeltet, som er ein av to seksjonar i avdeling for tru, livssyn og kulturvern i Kulturdepartementet. Seksjonen har ansvar for fagområda tru og livssyn, Den norske kyrkje, kyrkjebygg og gravferdsfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • ha resultatansvar for oppgåvene til seksjonen
  • leie og følgje opp langsiktige og kortsiktige oppgåver i seksjonen og personalansvaret for dei tilsette
  • samarbeide med den politiske og administrative leiinga i departementet og bidra til å utforme og setje politikken til regjeringa på fagområda ut i livet
  • inngå i leiargruppa i avdelinga og bidra aktivt i arbeidet med å vidareutvikle saksfelta og avdelinga

Avdelingsdirektøren rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er øvste leiar for avdelinga.

 

Søkjarar må vere budde på at det kan skje justeringar av porteføljen i seksjonen som ein konsekvens av at vi skal tilsetje nye leiarar i båe seksjonar i avdelinga.

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning med fullført grad på masternivå. Særs god innsikt i fagområda og kjennskap til feltet og dei ulike arbeidsprosessane i seksjonen er eit krav. Du er samfunns- og gjerne teknologiinteressert. Vi søkjer ein erfaren leder. Du har evne til å motivere og engasjere medarbeidarane dine og skape samarbeidskultur i seksjonen og på tvers i organisasjonen. Du har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørge for framdrift og gode leveransar til rett tid. Du må være handlekraftig og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og til å kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Du må ha innsikt i og forståing for politiske prosessar, vere administrativt ryddig og ha god kompetanse innen forvalting. Du må kommunisere godt, både skriftleg og munnleg.

Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å kunne bli tilsett.

Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø, med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar.


Kvardagen i avdelinga er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.


Stillinga er plassert som avdelingsdirektør kode 1218, med løn i spennet kr. 800 000-920 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.


Vi held til i hyggelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Staten som arbeidsgivar skal nytte den fulle breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje jobb i staten. Departementet er ei IA-verksemd. I det ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen.

 

Offentleggjering

Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

 

Kontakt

For meir informasjon om stillinga, kontakt ekspedisjonssjef Steinar Lien, telefon 22 24 78 20/954 24 004 eller fagdirektør Bjørn Magnus Jakobsen, telefon 22 24 44 10/952 43 362.

Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, media, idrett, frivillig verksemd, og tru- og livssynssamfunn. Departementet har om lag 155 tilsette, for tida fordelt på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.




Avdeling for tru, livssyn og kulturvern har ansvar for trus- og livssynspolitikken, for den nasjonale politikken innanfor felta arkiv, bibliotek, litteratur og språk, og for koordinering av internasjonale saker på kulturområdet. Dessutan har avdelinga eit overordna ansvar for forvalting av dei offentlege gravplassane og for krigsgraver.


 


 


Det har skjedd store endringar på tru- og livssynsfeltet, og seksjonen har framleis store oppgåver med å implementere endringane.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1387 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 123561419
Sist endret 29. jun. 2018 13:32

Rapporter annonse