Utløpt

Direktør for Kystverket

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Direktør
Sted
Ålesund
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Samferdselsdepartementet søker ein strategisk, utviklingsorientert og synleg leiar, som har god forståing for samfunnet og interesse for samferdselssektoren.

Kystverket skal være pådrivar i utviklinga av eit transportsystem til sjøs som er sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit, og innan klima og miljø. Viktige utfordringar er knytt til konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi og å kontinuerleg utvikle organisasjonen for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdselssektoren, mot andre samfunnsaktørar og internasjonale organisasjonar. Kystdirektøren må kunne handtere et breitt spekter av oppgåver, der evne til strategisk og langsiktig utviklingsarbeid er avgjerande.

Søkarar bør ha høgare utdanning, solid leiarerfaring på overordna nivå og erfaring med offentleg forvalting og statleg styring. Bredda i oppgåvene krev ein leiar med eit heilskapleg blikk og evne til å leie og utvikle ei kompleks og samansett verksemd. Erfaring frå utvikling og bruk av teknologi i oppgåveløysinga er ein fordel.

Vi ser etter ein engasjert leiar, som har analytisk kompetanse, god rolleforståing og gjennomføringsevne. Du er trygg i leiarrolla og har velutvikla evne til relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling internt og eksternt. Det krevst god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Kystdirektøren har arbeidsstad Ålesund.

Kystdirektøren blir tilsett på åremål for 6 år med moglegheit for forlenging i ei ny seksårsperiode etter offentleg kunngjering og konkurranse .I stillinga er det krav om at vedkommande kan sikkerheitsklarerast for HEMMELEG. Løn etter avtale innan leiarlønssystemet i staten.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med Bente A. Paulsrud i Amrop Delphi, tlf. 911 08 165 eller med ekspedisjonssjef Ottar Ostnes i Samferdselsdepartementet, tlf. 911 22 429.
Stillinga vert kunngjort på nytt i august med søknadsfrist. Søknad med CV merka 56112 via www.amropdelphi.no

Etter at søknadsfristen har gått ut blir det utarbeida offentlig søkarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om ein har bedt om å bli utelaten frå søkarlista Søkarar som likevel ber om konfidensialitet, må grunngje dette særskilt i søknaden. Søkarane vil verte førehandsvarsla om offentleggjering.

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Etaten arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining. Vi bidrar til å redusere miljøskadelege verknadar av sjøtransport, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket har eit totalbudsjett på ca. 2,6 mrd. kroner, der i underkant av 30 prosent er finansiert av brukarane gjennom tenesteproduksjon.

Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet. Etaten har hovudsete i Ålesund, med ein organisasjon som er spreidd over heile landet. Sjå også www.kystverket.no

Søknad merkes
56112
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
6025 Ålesund
Bransje
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

sjøfart, samferdsel, forvaltning, ledelse, utvikling

Rapporter annonse

FINN-kode: 122011969

Sist endret: 7. jun 2018 14:02

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente A. Paulsrud
Stillingstittel
Partner i Amrop Delphi AS
Telefon
911 08 165
Kontaktperson
Ottar Ostnes
Stillingstittel
Ekspedisjonssjef
Telefon
911 22 429
Følg firma
449 følger dette firmaet

Rapporter annonse

FINN-kode: 122011969

Sist endret: 7. jun 2018 14:02