Utløpt

Rådmann i Austrheim kommune

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
13.06.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Visindi AS

Eit livskraftig kystsamfunn, kjend for havsport, med pulserande tettstad og aktive bygder.

Austrheim kommune søkjer ein innovativ, handlekraftig og strategisk rådmann som vil vere ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Vi ser etter ein resultatorientert toppleiar som kan motivere dyktige medarbeidarar, og som samarbeider godt med næringsliv, fagrørsla, nabokommunar og andre offentlege instansar for å sikra eit godt tenestetilbod til innbyggjarane i både kommunen og regionen.

Austrheim har skatteinngang på landsgjennomsnittet, men likevel ein utfordrande økonomisk situasjon. Ei særleg sentral oppgåve for den nye rådmannen blir å ruste kommunen for framtida gjennom tydeleg økonomistyring, etablering av mål- og styringssystem og smart tenesteutvikling.

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar. Kandidatar må ha høgare utdanning og god økonomisk kompetanse. Gode leiareigenskapar vil verte tungt vektlagt. I tillegg må ein ha kjennskap til kommunal sektor og politiske prosessar.

Tiltreding 1. oktober, eller etter nærare avtale.

For spørsmål, kontakt ordførar i Austrheim Per Lerøy på tlf. 945 06 747 eller Visindi ved Hege Solbakken på tlf. 911 04 141, Knut Eide på tlf. 916 56 107 eller Rasmus Haugen Sandvik på tlf. 473 02 152. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Send søknad med CV via ”stillingar” på Visindi.no innan 13. juni 2018. Alle spørsmål vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune ligg vakkert og sentralt plassert på kysten i det nye Vestland fylke, med Mongstad som viktig arbeidsplass. Kommunen har 2902 innbyggjarar og 258 tilsette. Austrheim er ein kompakt kommune med sjukeheim, to 1-10 skular, to kommunale barnehagar og eit godt idrettsanlegg. Det er også vidaregåande skule i kommunen. Kommunens verdiar er tydeleg, ansvarleg og raus.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

Rådmann, toppleder, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Solbakken
Stillingstittel
Seniorrådgiver i Visindi
Telefon
91 10 41 41
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Knut Eide
Stillingstittel
Seniorrådgiver i Visindi
Telefon
91 65 61 07
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
4516 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 121088142
Sist endret 6. jun. 2018 11:42

Rapporter annonse