Utløpt

Avdelingsbanksjef Odda/Kinsarvik

Arbeidsgiver
Sparebanken Vest Odda
Stillingstittel
Avdelingsbanksjef Odda/Kinsarvik
Frist
11.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Vest

Avdelingsbanksjef Odda/Kinsarvik

 

Vil du vera med å skape den beste sparebanken i Noreg? Bank- og finansbransjen står framfor store endringar digitalt og i høve kundane sin krav til rådgjeving kring økonomi. Sparebanken Vest har ambisjonar om å være den beste sparebanken i Noreg, og det er no og tida framover vi skaper den. 

 

Vi søkjer etter avdelingsbanksjef med ansvar for vår satsing i personmarknaden i kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord.

 

Sparebanken Vest har ein solid posisjon i Hardanger, og vi har ambisjonar for vidare vekst og utvikling i tida framover. Kontora i Odda og i Kinsarvik har til saman 12 tilsette som handsamer personar og verksemder. Det skjer mykje spennande både når det gjeld nye digitale tenester og ikkje minst i korleis vi driv personleg rådgjeving. Vi er ein engasjert bank for lokalsamfunna og kommunane. Dette er sentrale oppgåver som den nye leiaren skal utvikle vidare i lag med dei tilsette.

 

Vi søkjer ein målretta og dyktig leiar som brenn for kundane våre, har ein motiverande leiarstil og ein sterk sans for å utvikle relasjonar og forretning. Du har eit sterkt ønskje om å vidareutvikle vår posisjon i marknaden i tråd med dei endringar og behov våre kundar har. Du må være endringsdyktig og målretta, og evne å leie og utvikle medarbeidarar i ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Resultatansvar for avdelinga
  • Ansvar for å vidareutvikle banken sin posisjon i marknaden
  • Sette mål og leggje handlingsplanar for kontoret
  • Leie arbeidet med sal og rådgjeving overfor kundar både nye og eksisterande
  • Ansvar for å vidareutvikle og følgje opp medarbeidarane, og utvikle ein god kultur for sal og rådgjeving

 

Krav til kompetanse:

  • Relevant utdanning på Bachelor- og/eller Master-nivå.
  • Lang, solid og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå sal, salsleiing og økonomisk rådgjeving

 

Krav til personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, målretta, strukturert og gjennomføringssterk
  • Erfaring i å utvikle prestasjonssterke team og dyktige rådgivarane     
  • Endringsdyktig med evne og vilje til å leie og implementere nye arbeidsmåtar og løysningar
  • Aktivt dele erfaringar med andre og søke innspel frå andre
  • Vere raus og ha evne til å skape engasjement
  • Evne til å kome i kontakt med og byggje relasjonar til menneske
  • God kjennskap til lokalmarknaden både personar, verksemder og det offentlege

 

Vi tilbyr:

  • Du blir ein del av eit stort, tverrfagleg miljø i finanshuset Sparebanken Vest 
  • Konkurransedyktige vilkår for lønn, pensjon, forsikring og andre personalgode
  • Vidareutvikling av din kompetanse delta i banken sitt leiarprogram

 

 

Du vil rapportere til regiondirektør for Hardanger/Midthordland/Voss og vere ein del av leiargruppa i regionen.

 

Vil du vite meir om stillinga?
Ved spørsmål kontakt Regiondirektør PM Tom Rasmussen (90760832) eller ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164). Alle spørsmål vert handsama fortruleg inntil anna vert avtala.

Vi ber om at du registrerar søknad og CV snarast og innan 11. mai 2018.

Om arbeidsgiveren

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank med over 600 engasjerte og dyktige medarbeidere. Siden 1823 har vi opparbeidet oss tillit hos vestlendingen som gjør at vi har en solid markedsposisjon, og du finner oss på 34 steder i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Gjennom våre tilknyttede produktselskaper er vi et komplett finanshus for alle våre person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Kremavegen 8, 5750 Odda
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Rasmussen
Telefon
56 55 07 21
Følg firma
692 følger dette firmaet

Kremavegen 8, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 118877152
Sist endret 14. mai 2018 09:36

Rapporter annonse