Utløpt

Ekspedisjonssjef i avdeling for tru, livssyn og kulturvern

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Ekspedisjonssjef
Frist
13.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Kulturdepartementet treng ein erfaren og god leiar som kan gå i bresjen og vere pådrivar for arbeidet med tru- og livssynspolitikken og kulturvernområdet.


Oppgåver
Ekspedisjonssjefen leier arbeidet i avdelinga for tru, livssyn og kulturvern, ei avdeling med kompetente og fagleg engasjerte medarbeidarar. Stillinga inneber tett samarbeid med den politiske og administrative toppleiinga i Kulturdepartementet og er med i den administrative toppleiargruppa. Leiargruppa legg vekt på å arbeide strategisk og å ta felles ansvar for den samla porteføljen.

Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning, med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. Du må òg ha god og dokumentert leiarerfaring, helst frå eit departement, og innsikt i fagområda avdelinga har ansvaret for. Kjennskap til og erfaring frå andre relevante fagområde er ein fordel. Du må ha særs god forvaltningskompetanse og vurderingsevne, og du må forstå politiske prosessar og rolla som ekspedisjonssjef i eit departement. Avdelinga har ansvar for ein sektor i endring, med aukande bruk av digitale løysingar. Kunnskap og erfaring frå arbeid med endring og digitalisering er derfor ein fordel. Du vil få omfattande kontakt med ulike aktørar, og du må ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg.

Du har eit godt lag med folk, og du får fram det beste i medarbeidarane dine.

Stillinga er eit embete som krev statsborgarskap i Noreg. Det er òg eit krav om at du kan få tryggleiksklarering.

Stillingsplassering og løn
Ekspedisjonssjef. Løn etter avtale.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Staten som arbeidsgivar skal nytte den fulle breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje jobb i staten. Departementet er ei IA-verksemd. I det ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen.


Offentleggjering
Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.


Kontakt
For nærare informasjon om stillinga, kontakt departementsråd Kristin Berge på mobil 480 43 373, eller assisterande departementsråd Henning Henriksen på mobil 414 01 926.

Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og trus- og livssynssamfunn. Departementet har om lag 155 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.




Avdeling for tru, livssyn og kulturvern har ansvar for utviklinga av den nasjonale politikken innanfor felta arkiv, bibliotek, litteratur, språk og tru- og livssynspolitikk. Etatsstyring er ei viktig oppgåve, og avdelinga har ansvar for store verksemder som Nasjonalbiblioteket og Arkivverket i tillegg til tilskotsforvaltning, lov- og regelverksarbeid og koordinering av internasjonale saker.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1388 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 118522929
Sist endret 20. apr. 2018 12:23

Rapporter annonse