Utløpt

Utdanningsdirektør - avdelingsdirektør

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Rogaland
Stillingstittel
Utdanningsdirektør - avdelingsdirektør
Frist
09.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATSFORVALTAREN I ROGALAND

Utdanningsdirektøren

  • har det overordna faglege og administrative ansvaret for heile verksemda i utdanningsavdelinga

  • har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga

  • har ansvaret for økonomistyringa i avdelinga og skal syte for nødvendig fordeling, prioritering av avdelinga sine ressursar og oppgåver, og organisere avdelinga på ein formåls- og kostnadseffektiv måte

  • skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane, delta i planlegging og gjennomføring av Fylkesmannen sine samla oppgåver

  • skal rettleie om utdanningsrelaterte spørsmål og oppgåver, både internt og eksternt

Kvalifikasjonar

Du må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet. Du må ha erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd.

Vi ser gjerne at du har leiarrelaterte fag i utdanninga di og god kjennskap til utdanningssektoren. Du må kunne sikkerhetsklarerast.

Eigenskapar

Som leiar av utdanningsavdelinga har du evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du evnar å prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Og du legg vekt på samordning og samarbeid.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale i stilling som avdelingsdirektør 
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spanande og krevjande region

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Du får nærare opplysninger hos fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, tlf. 51 56 88 99, mobil 930 63 651 eller assisterande fylkesmann Harald Thune, tlf. 51 56 88 10, mobil 905 04 510.

 

Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket. 


Utdanningsavdelinga har ansvar for statlege oppgåver på barnehage- og utdanningsområdet. Gjennom tilsyn, rettleiing, kontroll og klagebehandling skal avdelinga medverke til at nasjonale mål for barnehage- og utdanningspolitikken blir følgde opp regionalt og lokalt.


Avdelinga har 21 tilsette.


Utdanningsdirektøren har fylkesmannen som næraste overordna og leiar avdelinga saman med assisterande direktør. Utdanningsdirektøren er medlem av embetet si leiargruppe.


 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Postboks 59, 4001 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Følg firma
423 følger dette firmaet

Postboks 59, 4001 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 118522129
Sist endret 20. apr. 2018 12:11

Rapporter annonse