Utløpt

Rektor

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
12.04.2018
Ansettelsesform
Fast

 

Gol skule er ein nybygd, topp moderne  1-10 skule teke i bruk hausten 2016. Skulen har 550 elevar. Det er 90 tilsette, av dette 64 lærarar

Det er ledig 100% fast stilling som rektor ved Gol skule frå 1.8.2018

Administrasjonsressursen er på 400%. Den er fordelt på rektor og tre avdelingsleiarar; avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn.
Skulen har kontormedarbeidar i 200%.
Rektor har kommunalsjef for oppvekst og kultur som næraste overordna.
Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har ansvar for fag, personale og økonomi ved Gol skule og SFO.


Gol skule arbeider aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid. Skulen avsluttar våren 2018 rettleiing med UDIR sitt rettleiarkorps. Skulen arbeider mykje  med læringsleiing, elevaktive metodar og foreldre som ressurs. 


Gol skule er ein lærande organisasjon, og skulen er frå 2018 aktivt med i  det regionale pedagogiske utviklingsarbeidet «Livsmeistring i eit inkluderande læringsmiljø», der skulen i  tida framover ynskjer særleg fokus på læringsmiljøet og rekning som grunnleggjande ferdigheit.


Vi søkjer etter ein rektor:
- som utøver pedagogisk leiing gjennom tydelege føringar for skulen sitt læringsarbeid
- som evnar å utnytte skulen sine materielle og menneskelege ressursar i ein felles retning
- som kan leie ein organisasjon  der personalet opplever at dei er ein del av eit fellsskap og ikkje står åleine med ansvaret for læringsresultatet
- som kan begeistre og motivere elevar, foreldre  og tilsette slik at elevane får betre  fagleg og sosial framgang
- som har pedagogisk utdanning og erfaring
- som skuleleiarutdanning på masternivå
- som er systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring, og som har kunnskap om lov- og avtaleverk
- som har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Gol kommune nyttar vi nynorsk som målform


 Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- er tydeleg som leiar og har klare visjonar for framtidas skule
- er nyskapande og har lyst til å vidareutvikle ein skule
- har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar

Vi tilbyr:
- ein variert og utfordrande leiarjobb
- lokalt og regionalt leiarnettverk
- leiarutvikling
- ein skule der elevane trivst


Løn etter avtale. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.


Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren

Gol ligg midt i Hallingdal og er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Gol er eit knutepunkt i regionen, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Her er det gode idrettsanlegg bla ny fleirbrukshall, symjehall, to kunstgrasbanar, alpinanlegg og langrennsstadion. Gol har eit koseleg sentrum og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har god barnehagedekning, ny barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Skoleleder, Skuleleiar, Leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hallvor Lilleslett
Stillingstittel
Kommunalsjef for oppvekst og kultur
Telefon
45 96 81 35
Følg firma
21 følger dette firmaet

GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 116320640
Sist endret 20. mar. 2018 14:08

Rapporter annonse