Utløpt

Kommunalsjef helse og omsorg

Arbeidsgiver
Os og Fusa blir Bjørnafjorden
Stillingstittel
Kommunalsjef helse og omsorg
Frist
27.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Utvikling - Digitalisering - Relasjonsbygging

Bjørnafjorden kommune er «under bygging». Du får ein unik sjanse til å utvikle framtidas helse-, velferd- og omsorgstenester til beste for innbyggarane i den nye kommunen. Tverrfagleg arbeid er avgjerande for at vi skal få dette til.
Du vil inngå i rådmannen si leiargruppe, og ha det overordna ansvaret for tenestene innen helse og omsorg, mellom anna folkehelse, eldreomsorg, tenester for utviklingshemma, heimetenester, rus- og psykiatritenester og den kommunale delen av NAV.

Omstilling, endring og utvikling av smarte, innovative og bærekraftige løysingar vil vere dei viktigaste oppgåvene dine. Vi ønskjer deg som evner å sjå det store biletet og nye løysingar, og som kan motivere og inspirere menneske i endringsprosessar.

Fram til 1. januar 2020 vil du ha stillinga som kommunalsjef helse og omsorg i Os kommune.

Oppgåver
• Overordna ansvar for økonomi, personal og resultat innan kommunalområdet for helse og omsorg.
• Tenesteutvikling, med særleg fokus på forbetring og forenkling gjennom digitalisering.
• Strategisk arbeid saman med andre område og avdelingar i kommunen.
• Fortløpande kontakt og oppfølging av einingsleiarar. Utfordre, leie, støtte, delegere og stille krav. Oppmode til samarbeid på tvers av fagtenester og avdelingar, både internt og eksternt.
• Fremje saker til politisk behandling
• Ved behov kunne uttale deg om enkeltsaker og utfordringar innan helse og omsorg til rådmannen, politikarar, innbyggarar, tenestemottakarar og media.

Ønskte kvalifikasjonar
• Minimum høgskule- eller universitetsutdanning innan relevante fagfelt.
• Leiarutdanning.
• Leiarerfaring frå ulike nivå innan fagfeltet
• Erfaring frå leiing og gjennomføring av krevjande omstillingsprosessar.
• Du kan vise til tidlegare oppnådde resultat.
• God kjennskap til offentleg sektor, innsikt og forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon.

Vi ser etter deg som
• Er trygg og tydeleg som leiar.
• Arbeider strukturert.
• Er oppteken av nyskaping og utvikling.
• Kjenner til og ser digitale løysingar.
• Er flink med menneske.
• Kommuniserer godt og forståeleg, både munnleg og skriftleg.
• Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringskraft.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
• Ein unik sjanse til å vere med på å bygge ein ny kommune.
• Store og spennande utfordringar innan helse- og omsorgssektoren.
• Stort ansvar og moglegheiter til å påverke.
• Eit godt og kompetent arbeids- og fagmiljø i ein handlekraftig og framoverlent kommune.
• Offentlig tenestepensjonsordning.
• Løn etter avtale.


Spørsmål om stillinga kan rettast til rådmann i Os Christian F. Fotland tlf. 991 21 809 eller Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/Tove Lunde tlf. 975 59 050. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg.
Søk på stillinga snarast, og seinast 08.04.2018.

 Søk her

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune er under bygging . Du får ein unik sjanse til å utvikle framtidas helse-, velferd- og omsorgstenester til beste for innbyggarane i den nye kommunen. Tverrfagleg arbeid er avgjerande for at vi skal få dette til.
Du vil inngå i rådmannen si leiargruppe, og ha det overordna ansvaret for tenestene innen helse og omsorg, mellom anna folkehelse, eldreomsorg, tenester for utviklingshemma, heimetenester, rus- og psykiatritenester og den kommunale delen av NAV.

Omstilling, endring og utvikling av smarte, innovative og bærekraftige løysingar vil vere dei viktigaste oppgåvene dine. Vi ønskjer deg som evner å sjå det store biletet og nye løysingar, og som kan motivere og inspirere menneske i endringsprosessar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Utvikling, Digitalisering, Relasjonsbygging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Seniorkonsulent
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Christian F. Fotland
Stillingstittel
Rådmann i Os
Telefon
99 12 18 09
Følg firma
2597 følger dette firmaet

Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 116066965
Sist endret 23. apr. 2018 11:06

Rapporter annonse