Utløpt

Sektorleiar oppvekst

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Sektorleiar oppvekst
Frist
28.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Spennande og utfordrande stilling som inngår i rådmannen si leiargruppe. Sektorleiaren vil ha det strategiske og strukturelle ansvaret for kommunen sine tenester innanfor fagområda skule, barnehage, vaksenopplæring og PPT. Sektorleiar skal vera ein synleg leiar innanfor desse områda.

Dette er ei av tre sektorleiarstillingar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Sentrale arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
    • Bidra til strategisk utvikling av kommunen
    • Driva strategisk og systematisk leiing og vera motivator for dei tilsette i sektoren
    • Strategisk utvikling av ansvarsområdet
    • Ha overordna ansvar for drift og tenesteutvikling innanfor ansvarsområdet
    • Samordning på tvers av sektorar og tenester
    • Rettleia og følgja opp einingsleiarane innanfor ansvarsområdet og PPT-rådgjevar
    • Medverka til god samhandling med tillitsvalde og vernetenesta
    • Kontakt med folkevald nivå, og ansvar for saker til politisk handsaming
    • Representera rådmannen i ulike relasjonar

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må ha skulefagleg kompetanse (relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå).
  • Det er ønskeleg med leiarerfaring.

Eigenskapar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert, tenkja heilskap og la seg motivera av utfordringar.
  • Evne til å vera ein tydeleg leiar.
  • Open og samarbeidsvillig med evne til å skapa gode relasjonar.
  • Samfunnsorientert.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn etter avtale. Leiaravtale med fridagar som kompensasjon for arbeid på ettermiddag/kveld. Tilsetjingsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Denne stillinga blir lyst ut både internt i kommunen og eksternt.
  • Det vil vera 6 månaders prøvetid i stillinga.
  • Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Me gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Om arbeidsgiveren

Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger, er nynorskkommune, og har om lag 2500 innbyggjarar. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 40 minutt. Kommunen har ca. 280 tilsette, fordelt på 188 årsverk. Samnanger har ein barneskule og ein ungdomsskule, to kommunale barnehagar og ein privat barnehage.
 



Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Charlotte Hageberg
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
56 58 74 00
99 33 13 12
Følg firma
32 følger dette firmaet

Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Annonseinformasjon

FINN-kode 115953853
Sist endret 14. mar. 2018 18:11

Rapporter annonse