Den viktigaste leiarstillinga for utviklinga av Vestlandet
- Arbeidsgiver
- Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar
- Stillingstittel
- Prosjektleiar / Fylkesrådmann
- Frist
- 12.04.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Til å leie etableringa av den nye fylkeskommunen og seinare gå inn i rolla som fylkesrådmann frå januar 2020, søkjer vi ein trygg, tydeleg og samlande pådrivar. Du skal leggje til rette for at vår region får ei tydelegare rolle i samfunnsutviklinga regionalt og nasjonalt.
Som prosjektleiar/rådmann skal du byggje ein ny organisasjon med felles kultur som leverer gode tenester innanfor stramme økonomiske rammer. Du skal syte for utvikling av fylkeskommunale tenester gjennom ein brukarorientert, nyskapande og kompetent organisasjon.
For å lukkast i rolla må du jobbe tett med politisk leiing, tilsette og tillitsvalde i dei to fylkeskommunane . Vi ser etter ein analytisk, erfaren og kunnskapsrik toppleiar som forstår fylkas eigenart. Du har brei erfaring frå strategisk endringsleiing og prosjektstyring der forankring og framdrift har vore suksessfaktorar.
Prosjektleiaren vil rapportere til den politiske leiinga og ha arbeidsstad i Bergen.
I stillinga vil du kunne gjere en betydeleg forskjell for Vestlandet.
For meir informasjon om stillinga sjå Visindi.no, eller kontakt Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141, Hege Rødland på 916 17 560 eller Heidi Wiggen på heidi.wiggen@visindi.no. All kontakt vil bli behandla konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast via "stillinger" på Visindi.no snarast og seinast innan 12. april 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman frå 1.1.2020. Det nye fylket vil få eit samla innbyggjartal på om lag 630 000. Fylkeskommunen vil med meir enn 5000 arbeidstakarar verte ein av dei største kompetansearbeidsplassane på Vestlandet. Intensjonsavtalen som er inngått mellom dei to fylkeskommunane legg sentrale føringar for organisering og lokalisering.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- AGNES MOWINCKELS GATE 5, 5008 Bergen
- Bransje
- HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
- Offentlig administrasjon,
- Organisasjoner
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Forhandling,
- Forretningsutvikling og strategi
Nøkkelord
sammenslåing, fylke, Vestlandet, toppleder
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Hege Solbakken
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver i Visindi
- Telefon
- 91 10 41 41
- Nettverk
- Kontaktperson
- Hege Rødland
- Stillingstittel
- Partner i Visindi Bergen AS
- Telefon
- 91 61 75 60
- Nettverk
AGNES MOWINCKELS GATE 5, 5008 Bergen