Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Utløpt

Dilla på tal - handlingsdyktig og samarbeidsorientert?

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Fast stilling som leiar for økonomi
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Stilling som leiar for økonomiavdeling 

Spennande og utfordrande leiarstilling i 100%. Leiar for økonomi har det administrative ansvaret for kommunens budsjett, rekneskap og økonomiarbeid. Du er ein del av rådmannen si leiargruppe, og har fag - og personalansvar for våre dyktige medarbeidarar på økonomi avdeling. 

Som leiar opererer du i spennet mellom drift og utvikling, styring og leiing. Du vil ha ein sentral rolle med stor moglegheit for å utvikle kvalitet i tenestene og Valle kommune som organisasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av eininga økonomi, ansvar for kommunens rekneskap, fakturering og innfordring av kommunalrettslege krav.
  • Årsoppgjer, finansforvaltning og likviditetsstyring
  • Økonomiske analyser og resultat rapportering
  • Vere rådmannens rådgjevar og støttespelar innanfor økonomiske og finansielle problemstillingar
  • Utarbeiding, oppfølging og koordinering av kommunens budsjettarbeid i samarbeid med rådmann og einingsleiarar
  • Vidareutvikle og effektivisere økonomiske system og rutinar
  • Leiar får ei sentral rolle i å følgje opp ulike problemstillingar knytt til kraft
  • Leiar skal arbeide med sakshandsaming innanfor fagområde, og vere ein pådrivar og bidragsytar i den daglege drifta.

Kvalifikasjonar

  • God økonomisk forståing og kjennskap til kommunal verksemdstyring
  • Leiar økonomi må kunne ta sjølvstendige initiativ for å analysere verksemda og sikre at den blir driven på best mogleg måte
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå det offentlige
  • Kompetanse/erfaring innan administrasjon og leiing

Utdanningsnivå

  • Krav til relevant økonomisk utdanning, ønsket på masternivå, minimum på bachelornivå

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og synleg leiar
  • Gode kommunikasjons evner
  • Evne til å arbeide målretta, strategisk og heilskapleg
  • Skape oppslutning om endring og få organisasjonen med seg inn i endringsprosesser
  • Bygge tillit og ha godt samspel med medarbeidarar
  • Samhandling og gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter til sjølv å utforme stillinga innan gjeldande rammer
  • Kommunen kan hjelpe å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod
  • Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
  • Ei triveleg bygd å bu i

Om arbeidsgiveren

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1250 innbyggjarar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
4747 Valle
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Ledelse

Nøkkelord

Økonomi, Ledelse, budsjett, Regnskap, Kommunalsjef

Rapportér annonse

FINN-kode
115416949
Sist endret
25. aug 2018 10:46

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Sunniva Fuhr
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Tom Ivar Gulbrandsen
Stillingstittel
Fagansvarleg personal
Mobil
Vis telefonnummer

4747 Valle

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
115416949
Sist endret
25. aug 2018 10:46