Utløpt

Fast stilling som leiar for samfunnsutvikling og teknisk eining

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Fast stilling som leiar for samfunnsutvikling og teknisk eining
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Er du utviklingsorientert, initiativrik og inkluderande?
 

Valle kommune tilbyr ei spennande og krevjande leiarstilling i 100%. Stillinga er ledig frå dags dato. Stillinga er nyoppretta og vil vere sentral i samarbeidet mellom kommunen og næringslivet. Leiaren rapporterer til rådmannen og er ein del av rådmannens leiargruppe. Leiar er nærmaste overordna for tilsette i eininga teknisk. 

Leiar har ansvar for kommunen si rolle som samfunnsutviklar og skal sørge for koordinering og oppfølging av områda: 

- Næringsutvikling 
- Plan, miljø og landbruk 
- Kommunalteknikk og eigedom 
- Andre områder kan bli lagt inn under funksjonen 

Stillinga opererer i spennet mellom drift og utvikling, styring og leiing. Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke utvikling av kvaliteten i tenestene og Valle kommune som organisasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Leie kommunen sitt heilskapelege arbeid med å utvikle lokalsamfunnet
  • Bygge samarbeid, relasjonar og partnarskap mellom kommunen, næringsliv og lokalsamfunn
  • Bidra til å utvikle samarbeid med kommunar i regionen, andre forvaltningsnivå og aktørar
  • Vidareutvikle og effektivisere kvalitetssystem og rutinar
  • Leiar skal arbeide med sakshandsaming innanfor fagområde, og vere ein pådrivar og bidragsytar i den daglege drifta.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå ulike område innafor samfunnsutvikling
  • Innsikt i arealforvaltning og planarbeid. Forståing for tenester som utførast innafor området kommunalteknikk og eigedom
  • Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
  • Innsikt i offentlege vedtaksprosessar
  • Ønskjer erfaring med prosjektleiing

Utdanningsnivå

  •  Krav til relevant høgare utdanning, ønsket på masternivå, minimum på bachelor nivå

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og synleg leiar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta, strategisk og heilskapleg
  • Utviser handlekraft med høg grad av integritet
  • Bygger tillit og har godt samspel med medarbeidarar og samarbeidspartnarar
  • Skaper oppslutning om endring og får organisasjonen med seg inn i endringsprosesser

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter til eigen utforming av stillinga innan gjeldande rammer
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Ei triveleg bygd å bu i

Om arbeidsgiveren

Valle kommune ligg i hjarta av Setesdal, berre 2 timars biltur frå kysten. Kommunen har to grender, Valle og Rysstad og har flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1250 innbyggjarar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
4747 Valle
Bransje
Bygg og anlegg
Eiendom
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Teknisk, samfunnsutvikling, ledelse

Rapporter annonse

FINN-kode: 115410587

Sist endret: 17. apr 2018 14:57

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Sunniva Fuhr
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Tom Ivar Gulbrandsen
Stillingstittel
Fagansvarleg personal
Mobil
Vis telefonnummer

Rapporter annonse

FINN-kode: 115410587

Sist endret: 17. apr 2018 14:57