Utløpt

Banksjef økonomi og finans / CFO

Arbeidsgiver
SpareBank1 Søre Sunnmøre
Stillingstittel
Banksjef økonomi og finans / CFO
Frist
15.03.2018
Ansettelsesform
Fast

Då vår noverande økonomi- og finanssjef går av med pensjon, søkjer vi etter ein ny dyktig og operativ erstattar. Stillinga som Banksjef økonomi og finans rapporterer til adm. direktør, er medlem av leiargruppa i banken og har personalansvar for medarbeidarane på seksjonen. Stillinga krev eit strategisk perspektiv, for å bidra til å framtidsrette banken og for å utvikle eiga avdelinga innanfor økonomiforvalting og rapportering. Stillinga og avdelinga er knytt til banken sitt hovudkontor i Volda, der alle fagmiljø og fellesfunksjonar er samla.

 

Dei viktigaste oppgåver og ansvar vil vere

  • Leiing av avdelinga og ansvar for implementering av gode og effektive rutinar
  • Rekneskap, økonomi- og likviditetsstyring
  • Budsjett, økonomiske analysar, prognosar og nøkkeltal
  • Månads-, kvartals- og årsrapportering innanfor gitte fristar
  • Lovpålagt rapportering til m.a. Norges Bank, Finanstilsynet og Statistisk Sentralbyrå
  • Delta i leiargruppa og vere ein aktiv part i vidareutvikling av banken

 

Kvalifikasjonar og erfaring

  • Høgare økonomisk utdanning; siviløkonom eller tilsvarande
  • Relevant og god erfaring frå revisjon, finans, økonomi- og rekneskapsarbeid
  • Kunnskapar innanfor rekneskap og IFRS, samt god digital forretningsforståing

 

Eigenskapar

  • Analytisk og strukturert
  • Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • Effektiv i bruk av IT- og rekneskapssystem
  • Gode leiareigenskapar og gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte adm. direktør Stig Brautaset, telefon 908 26 448. Vi kan tilby gode vilkår i eit positivt arbeidsmiljø. Lønn etter avtale.

Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.

Søknadsfrist 15. mars 2018.

Søknad sendast til Banksjef HR Vidar Egset, vidar.egset@sparebank.no 

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein sjølvstendig og aktiv bank i SpareBank 1-alliansen. Vi har fokus på nærheit og gode relasjonar til kundane våre og har som visjon å gjere det betre å bu og virke på søre sunnmøre. Banken har 70 tilsette og ein forvaltningskapital på om lag kr. 10 milliardar kroner. Banken sitt marknadsområde er søre Sunnmøre.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Gymnasvegen 2, 6102 Volda
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Analytisk og strukturert, Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert, Effektiv i bruk av IT- og rekneskapssystem, Gode leiareigenskapar og gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Brautaset
Stillingstittel
Adm. direktør
Mobil
Vis telefonnummer

Gymnasvegen 2, 6102 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 114633475
Sist endret 5. apr. 2018 15:53

Rapporter annonse