Utløpt

Nye Ullensvang kommune søkjer prosjektleiar/rådmann

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar/rådmann
Frist
18.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Å skapa ein ny kommune skal vera prega av likeverd, vidsyn og gjensidig forståing.
Den nye kommunen skal utviklast og driftast med utgangspunkt i dei tidlegare kommunane
sine fortrinn og sterke sider, men og ta inn over seg utfordringane i framtida.
Ullensvang kommune skal organiserast slik at den kan møta framtida sine utfordringar og
krav til tenesteutøving til innbyggjarane på ein god måte.

Me søkjer ein prosjektleiar som skal leie arbeidet med å bygge Ullensvang kommune. Prosjektleiaren vil ha fokus på leiing, samhandling og organisasjons- og kulturbygging. Med utgangspunkt i intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane og moderne organisasjonsutvikling, vil du vere ei drivkraft i etableringa av den nye kommunen. Prosjektleiaren vil gå inn i rolla som rådmann i den nye kommunen frå 01.01.2020.

Som prosjektleiar vil du rapportere direkte til Fellesnemda for den nye kommunen, og du vil jobbe tett saman med rådmenn, tillitsvalde og andre sentrale personar. Gode evner til samarbeid vil vere avgjerande for å lukkast i denne rolla. Det vil vere viktig at du kan bidra til å skape engasjement og begeistring, både internt i organisasjonen og hjå innbyggjarane. Den som vert tilsett må vere tillitsvekkjande og trygg, like å vera synleg og god til å skapa relasjonar. Initiativ og driv er eigenskapar som vil bli verdsatt.


Me ser etter
ein leiar med høgare utdanning, solid leiarerfaring og dokumenterte resultat. Kunnskap om samfunns- og næringsutvikling, samt erfaring frå organisasjonsutvikling og omstillingsprosjekt i store verksemder vil vere sentralt. Me ser det som ein føresetnad at aktuelle kandidatar har god forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Innsikt og interesse  for den digitale samfunnsutviklinga vil vere ein fordel.

Vi tilbyr ei særs spennande stilling i ein attraktiv region. Prosjektleiaren vil vera sentral i arbeidet med å bygge den nye kommunen og vil ha stort handlingsrom i eit miljø prega av handlekraft og fokus på løysingar. Løn etter avtale.


Spørsmål om stillinga
kan rettast til Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/ Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg.
Søk på stillinga  snarast, og seinast 18.03.2018

 

Om arbeidsgiveren

Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion og har samarbeid på fleire område over mange år. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020.
Den nye kommunen skal heita Ullensvang kommune og kommunesenteret skal vera i Odda.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Oppheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Seniorkonsulent
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Stillingstittel
Seniorkonsulent
Telefon
97 55 90 36
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2595 følger dette firmaet

Oppheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 114499931
Sist endret 20. mar. 2018 02:55

Rapporter annonse