Utløpt

Rektor ved Ostereidet ungdomsskule

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Rektor ved Ostereidet ungdomsskule
Frist
03.04.2018
Ansettelsesform
Fast

Ostereidet ungdomsskule

Skulen er ein rein ungdomsskule med omlag 100 elevar, og er den minste offentlege ungdomsskulen i Lindås kommune. Administrasjonsressursen er 120 %, fordelt mellom rektor og inspektør. Skulen har merkantil medarbeidar i 70%.

Ungdomsskulane våre er MOT skular. Ostereidet ungdomsskule gjennomfører også tilleggsprogrammet - Skulen som samfunnsbyggar. I verksemdsplanen har skulen fokus på lokale læreplanar og vurdering, pedagogisk samarbeid for å styrkje fagopplæringa til elevane og lesing som grunnleggjande dugleik.

 

Arbeidsoppgåver

Som rektor (avdelingsleiar) i Lindås kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte til einingsleiar for grunnskule.Lindås kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltek, meistrar og lærer."

 

Kompetansekrav

Den rette kandidaten har solid erfaring frå grunnskulen, er ein god relasjonsbyggjar og har erfaring frå leiing i skulen.

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innafor oppvekstsektoren
  • Relevant erfaring frå grunnskulen/tilsvarande stilling
  • Tilfredstillande politiattest jf. opplæringslova



Ønskt kompetanse

  • Master i skuleleiing, rektorskule eller tilsvarande utdanning
  • Erfaring i skuleleiing
  • Erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse
  • Undervisningserfaring
  • Personleg eigna for stillinga



 Personlege eigenskap - forventningar til at du som rektor:

  • Skaper tillit gjennom tydlege roller
  • Har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette
  • Utøver leiing med utgangspunkt i kommunen sin visjon og verdiar, samt vidareutvikle skulen som ein lærande organisasjon
  • Legg til rette for meistring og motivasjon
  • Skaper ein organisasjonskultur med godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit
  • Har fokus på elevane si læring og trivsel
  • Kan arbeide analytisk og målretta
  • Viser gjennomføringskraft for å oppnå gode resultat

 

Vi tilbyr

  • Fagleg dyktige, kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • Eit hyggjeleg miljø blant tilsette og elevar
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.



 

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med med om lag 15.500 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, 30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Vi står framfor ein prosess med kommunesamanslåinng, og frå 2020 er Lindås kommune planlagt samanslått med nabokommunane Meland og Radøy.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5993 Ostereidet
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

ungdomsskule, MOT, samfunnsbyggar, leiing, oppvekstsektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragna Midtbø
Stillingstittel
einingsleiar skule
Telefon
47 86 44 20
Kontaktperson
Kristin Moe
Stillingstittel
kommunalsjef oppvekst
Telefon
98 85 72 05
Følg firma
66 følger dette firmaet

5993 Ostereidet

Annonseinformasjon

FINN-kode 114498032
Sist endret 16. mar. 2018 10:00

Rapporter annonse