Utløpt

Rektor - Fiskå barneskule

Arbeidsgiver
Vanylven kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
19.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Til å leie og vidareutvikle Fiskå skule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Skulen er ein 1-7 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 90 elevar, 20 tilsette og ligg i Fiskå sentrum. Skulen har eige bygg med gode arbeidsplassar og eit godt læringsmiljø. Administrasjonsressursen er i underkant av 200% stilling fordelt mellom rektor, inspektør og kontormedarbeidar. Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2018. Det er muleg å gjere avtale om tidlegare tiltreding i stillinga for å sikre overlapp med noverande rektor.   Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid.   Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå skuleverket og som skuleleiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Du må kunne dokumentere erfaring frå gjennomførte utviklingsoppgåver og/eller prosjekt. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Rektor rapporterer til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.   I tillegg ser vi gjerne at du har:  
  • fokus på mestringsorientert leiing     
  • ein open og tydeleg kommunikasjon og viser tydeleg leiarskap     
  • evne til å bygge gode relasjonar     
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner     
  • evne til å syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar     
  • stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver     
  • god kjennskap til og erfaring med bruk av IKT     
 Vi kan tilby:  
  • aktive og motiverte elevar     
  • eit positivt arbeidsmiljø med flotte kollegaer     
  • eit utviklingsorientert og samarbeidande personale     
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver      
  • eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt     
  • løn etter avtale     
  • gode pensjons- og forsikringsordningar      
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.   Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i SPK.   Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25.  Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.   Opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef for kultur og oppvekst Frode Vik, tlf. 70 03 00 05/992 88 600 eller hos vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680. Alle førespurnader vert handsama fortruleg innleiingsvis. Søknadsfrist 19. mars.  

Om arbeidsgiveren

Vanylven er ei kommune heilt sør i Møre og Romdal, med ein frodig og gjestmild natur. Vanylven har om lag 3 300 innbyggjarar, Fiskå er administrasjonsstad. Kommunen har godt utbygd offentleg tenester, eit rikt friluftsliv og eit aktivt kulturliv. www.vanylven.kommune.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6139 Fiskå
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Samlende, Motiverende, Mestringsorientert, Skoleledelse, Samarbeidsevner

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Vik
Stillingstittel
Kommunalsjef kultur og oppvekst
Telefon
70 03 00 05
99 28 86 00
Kontaktperson
Kirsti Kalseth Sjøhaug
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
97 73 16 80
Følg firma
2318 følger dette firmaet

6139 Fiskå

Annonseinformasjon

FINN-kode 114122254
Sist endret 21. mar. 2018 01:10

Rapporter annonse