Utløpt

Avdelingssjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Ortopedisk klinikk
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Frist
08.02.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ledig stilling som avdelingssjukepleiar/leiar for sjukepleietenesta.

Ortopedisk avdeling på HUS utgjer saman med Kysthospitalet i Hagevik, Fysioterapiavdelinga og Ergoterapiavdelinga Ortopedisk klinikk. Frå april 2018 vil også Skadepoliklinikken ved Bergen Legevakt vere ein del av klinikken.

Det daglege ansvaret for drift av Ortopedisk avdeling er delt mellom leiar for Fagmedisinsk avdeling (avdelingsoverlegen) og leiar for Avdeling for sjukepleie (avdelingssjukepleiar). Avdelinga har i dag 4 sengepostar med ulike pasientkategoriar og vi tek hand om heile spekteret av pasientar med ortopediske lidingar og skadar, både lokalt og regionalt. I hovudsak tar post Øst hand om rygg-, tetraplegi- og kreftpasientar, post Syd tar hand om protesar og hoftebrotspasientar, medan post Vest er for traumatologi. Rehabiliteringsposten vert i desse dagagr overført til Rehabiliteringsklinikken på Nordås. I tillegg disponerer vi senger for ortopediske barn på barnekirurgisk post. Avdelinga har i vår også ansvaret for å etablere ein ny sengepost for pasientar med ortopediske infeksjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingssjukepleiar vil ha det overordna ansvaret for fagutvikling, personal, økonomi og drift i eininga.
  • Avdelinga er prega av høg aktivitet og mykje øyeblikkelig hjelp. Det er ei hovudoppgåve for avdelingssjukepleiar å bidra til god drift og høg fagleg standard ved sengepostane, samtidig som trivsel, eit godt fellesskap og eit inspirerande arbeidsmiljø må ivaretakast.
  • Avdelingssjukepleiar inngår i klinikken si leiargruppe og rapporterer direkte til klinikkdirektør.

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarutdanning, erfaring frå sjukehusdrift og gode kunnskapar om administrative system som GAT og DIPS, samt grunnleggjande IKT-kompetanse er ønskjeleg.
  • Leiarerfaring med personal- og budsjettansvar er ein fordel, men ingen absolutt føresetnad.
  • Vår nye leiar må evne å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Sjukepleiar
  • Sjukepleie

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Dei rette personlege eigenskapane blir høgt verdsett. Vi søkjer ein leiar med evne til å spre arbeidsglede og entusiasme, fellesskapstenking og gode haldningar. Samhandling internt i avdeling og klinikk, mellom ulike yrkesgrupper og sengepostar, og mot eksterne aktørar, er ein viktig del av kvardagen. Vi ønskjer ein leiar som kan få alle til å trekkje i same retning og mot felles mål.
  • For å møte dei utfordringane denne jobben vil innebere må vår nye avdelingssjukepleiar både ha gode kommunikasjonsevner, vere løysingsorientert og gjennomføringsdyktig.
  • Erfaring med pasientsikkerheitsarbeid og forbetringsprosessar/-prosjekt, samt evne til nytenking og endringsvilje, vil vere nyttige eigenskapar å ha i denne stillinga.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ein triveleg og til tider travel arbeidsplass med entusiastiske og særs kompetente tilsette. Vi har stort fokus på god intern og ekstern samhandling, trivsel på arbeidsplassen, kompetansebygging og eit godt arbeidsmiljø.
  • Stillinga byr på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, og vi står for tida oppe i fleire spennande utviklingsprosjekt som ny leiar vil bli involvert i.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Matre
Stillingstittel
Klinikkdirektør/klinikkoverlege
Telefon
55 97 57 24
95 03 82 12
Kontaktperson
Linda Hjortland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 30 84 12
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 112685331
Sist endret 23. jan. 2018 08:49

Rapporter annonse