Utløpt

Utdanningskoordinerande klinikkoverlege

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kvinneklinikken
Stillingstittel
Utdanningskoordinerande klinikkoverlege
Frist
03.12.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken har ledig ei nyoppretta stilling som Utdanningskoordinerande klinikkoverlege.
Den som blir tilsett skal ha leiaransvar for alle LIS-legane ved klinikken herunder ivareta deira utdanningsløp. Den planlagde omlegginga av LIS-utdanninga vil gje den som vert tilsett ei unik mogelegheit til å vere med på å utvikle dette arbeidet.

Vi jobbar etter visjonen om at Kvinneklinikken skal vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Vi har som mål å gje eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt.
.Vi satsar på kvalitetsarbeid, pasientsikkerhet, forsking og systematisk fagleg utvikling slik at vi til ei kvar tid å kan tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.
.Vi har utstrekt forskingsaktivitet innan heile fagområdet vårt med særleg aktive miljø innan fostermedisin, translasjonell kreftforsking og epidemiologisk/registerbasert forsking. Klinikken har landsfunksjon for behandling av gynekologiske fistlar.
.Vi har universitetsfunksjon, er regionsjukehuset i regionen og er sentralsjukehus for Hordaland fylke.
.Vi er ei av Nordens største spesialavdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar.

Kvinneklinikken har til saman ca. 420 tilsette. Legane er fordelt i fem seksjonar; fødeseksjon, seksjon for fostermedisin og ultralyd, seksjon for generell gynekologi, seksjon for assistert befruktning og seksjon for gynekologisk kreft. Ved klinikken er det ei bevisst satsing på å skape eit positivt og aktivt læringsmiljø. Klinikken har 27 overlegar og 13 stillingar for lege i spesialisering, der 10 stillingar er faste LIS-stillingar. Det er stor vitskapleg aktivitet ved avdelinga. Ved avdelinga er det sju legar som er tilsett ved Universitetet i Bergen, ei i hovudstilling. Det blir forventa at LIS-legane i utdanningsløpet får anledning til å delta i forskingsprosjekt. Alle legar deltek i den kliniske undervisinga av både medisinstudentar, andre studentar og LIS-legar. Avdelinga har ca 5000 fødslar pr år og det er stor aktivitet på alle seksjonar. Vaktsystemet er pt. firesjikta og det er forventa at den som blir tilsett deltek i vakt.

Om 5 år flyttar Kvinneklinikken for første gong sidan 1926
Vi har eit omfattande samarbeid med mange avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus og er med i planlegginga av det nye Barne- og ungdomssjukehuset (BUS). Nye bygg gjer det mogeleg å tenkje nytt også om innhaldet i huset, slik at vi vidareutviklar pasienten si helseteneste. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane for å tilby gode, koordinerte tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar med oppfølging og rettleiing av LIS
  • Ansvar for tilrettelegging av gode og effektive utdanningsløp for LIS
  • Delta i klinisk arbeid avhengig av eigen kompetanse og interessefelt
  • Medansvar for klinikken sine overordna mål og resultat, sikre god drift gjennom å utvikle rutinar og prosesser, i fellesskap med dei andre i leiargruppa
  • Ansvar for å leggje til rette for forsking og fagutvikling for Lis legane
  • Være en god rollemodell i forhold til sjukehuset sin visjon, mål og verdiar
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområder i og utanfor klinikken

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • Erfaring og/eller interesse innan undervisning/opplæring
  • Gjerne leiarerfaring og/eller -utdanning
  • Forskingserfaring og erfaring frå samarbeid med universitet og høgskular er ønskjeleg
  • Kunnskap om spesialisthelsetenesta
  • Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanning

  • Medisin
  • Profesjonsstudium
  • Spesialist i gynekologi og obstetrikk

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Kommunikasjonsevner
  • Samarbeidsevner
  • Gjennomføringsevner
  • Teamarbeidar
  • Relasjonsbyggjar
  • Løysingsorientert
  • Forskingsinteresse

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ei unik mogelegheit for å vere med på å byggje og følgje opp den nye LIS-utdanninga vidare inn i eit variert og breidt fagmiljø.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
., 5053 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Lege / Overlege,
Lege / Spesiallege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Susanne Albrechtsen
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 97 42 04
Følg firma
2257 følger dette firmaet

., 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 108772488
Sist endret 17. nov. 2017 14:50

Rapporter annonse