Seksjonsleiar - transportplanseksjonen
- Arbeidsgiver
- Hordaland fylkeskommune - samferdselsavdelinga
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar - transportplanseksjonen
- Frist
- 03.12.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Seksjonen er ein av tre seksjonar på samferdselsavdelinga og har i dag fem tilsette. Seksjonsleiar er del av leiargruppa på Samferdselsavdelinga, og det er tett samarbeid mellom seksjonane. Transportplanseksjonen har ansvaret for overordna fylkeskommunal samferdselsplanlegging, samt deltaking i og oppfølgjing av statleg planlegging innanfor transportområdet, som til dømes Nasjonal transportplan. Seksjonen har og mellom anna ansvar for samferdselssaker i regi av Vestlandsrådet. Utarbeiding av uttalar til offentlege planar, og innspel til nasjonalt regelverk og rammevilkår innanfor samferdselsområdet er også lagt til denne seksjonen. Samanslåing av fylka Sogn og Fjordane og Hordaland er vedteke frå 2020, og seksjonsleiaren skal vere med i utforminga og organiseringa av sitt fagområde i det nye fylket.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og gjennomføring av Regional transportplan 2018-2024
- Ansvar for strategi- og utviklingsarbeid innan samferdselsområde som utarbeiding av planar og handlingsprogram.
- Koordinere innspel frå samferdselsavdelinga og Skyss til offentlege planar som er på høyring med regionalavdelinga i HFK.
- Saksførebuing og andre oppgåver innan seksjonen sitt arbeidsfelt.
- Leie og koordinere arbeidet ved seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring er eit ønske.
- Erfaring frå prosjekt- og prosessarbeid.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gode nynorskkunnskapar.
- God kjennskap til offentlege planprosessar og erfaring frå/kjennskap til samferdselsområdet.
- Erfaring med strategi- og utviklingsarbeid.
- Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Utdanning
- Geografi
- Høgskule/universitet, Mastergrad
- Ingeniørvitskapleg teknologi
- Samfunnsfag
- Økonomi og administrasjon
Eigenskapar
- Resultatorientert, initiativrik og handlekraftig.
- Gode samarbeidsevner.
- Gode analytiske eigenskapar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Eit godt og utfordrande fagleg miljø innanfor eit stort og viktig samfunnsområde.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane, og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar.
- Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk.
Om arbeidsgiveren
Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Forretningsutvikling og strategi,
- Ingeniør,
- Kontor og administrasjon,
- Planlegger
Nøkkelord
Transportplan, Samferdsel, Strategi-, og, utviklingsarbeid
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Håkon Rasmussen
- Stillingstittel
- fylkesdirektør, samferdsel
- Telefon
- 48 29 80 90
Følg firma
170 følger dette firmaet
Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen