Garborgsenteret søkjer utstillingsleiar
- Arbeidsgiver
- Garborgsenteret avd. Jærmuseet
- Stillingstittel
- Utstillingsleiar
- Frist
- 19.11.2017
- Ansettelsesform
- Vikariat
100% stilling f.o.m. 19.3.18 t.o.m. 8.3.19.
Garborgsenteret er samlokalisert med Time bibliotek midt i Bryne sentrum. Senteret opna for publikum i 2012 og har både ei fast og skiftande utstillingar. Garborgsenteret har per i dag 6 tilsette i eit fleksibelt arbeidsmiljø.
- Planlegging og drift av utstillingane
- Oppfølging av utstillingsvertar
- Formidling
- Deltaking på arrangement
- Ansvar for fagbibliotek
Andre arbeidsoppgåver kan koma til. Det må reknast med noko arbeid utanom ordinær arbeidstid, t.d. i samband med arrangement. Noko arbeid på andre Jærmuseet-anlegg kan også førekoma.
Kvalifikasjonar:
-Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, helst med fullført mastergrad
- Erfaring frå utstillingsarbeid
- Gode språkkunnskapar: arbeidsspråket er nynorsk
- Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
- Gode samarbeidsevner
- Interesse for litteratur og språk
- Teknisk innsikt er ein fordel
Me kan tilby:
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit kreativt arbeidsmiljø, med motiverte og engasjerte kollegaer
- Lønn etter avtale
Send søknad og cv innan 19. november til epost: garborg@jaermuseet.no
For fleire opplysningar, kontakt avdelingsdirektør Inger Undheim, tlf. 97 53 25 29.
Om arbeidsgiveren
Nasjonalt Garborgsenter er ei avdeling av Jærmuseet, og er eit humanistisk vitensenter som formidlar Arne og Hulda Garborg sin litteratur, tankar og visjonar. Garborgsenteret legg vekt på å inspirera publikum generelt og barn og unge spesielt til samfunnsengasjement og debatt.
Nøkkelord
utstilling, utstillingsleder, litteratur, språk, museum
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Inger Undheim
- Stillingstittel
- Avdelingsdirektør Garborgsenteret
- Mobil
- Vis telefonnummer
HETLANDSGATA 11, 4344 Bryne